Croix des Bouquets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Croix des Bouquets (haitisk kreol: Kwadèbouke) er ein kommune i departementet Ouest i Haiti. Kommunen ligg sør i landet, 18 kilometer aust for hovudstaden Port-au-Prince. Nordaust i kommunen ligg innsjøen Trou Caïman.

Dei namngjetne kunstnarane Georges Liautaud, Serge Jolimeau, Murat Brierre og brørne Louis-Juste og Gabriel Bien-Aimé kjem frå Croix des Bouquets. Det same gjeld rapparen Wyclef Jean.

Kunstmuseet Le Musée Georges Liautaud (Georges Liautaud-museet) ligg i Croix des Bouquets. Det vart opna i januar 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]