Crow River i Canterbury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Crow River
elv
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Lengd km
Kjelde Mount Rolleston
 - høgd 1 270 moh
Munning Waimakariri River
 - høgd 720 moh

For sideelva til Karamea River, sjå Crow River i West Coast.

Elva Crow River renn gjennom nasjonalparken Arthur's Pass National Park i regionen CanterburyNew Zealand. Ho har utspringet sitt nær Mount Rolleston, renn sørover og munnar ut i Waimakariri River[1].

Elva fekk namn etter ein gråflikfugl (Kōkako), som vart sett i 1865 under ei utforsking av området. Sørøy-kōkakoen vart sist sett i 1930-åra, og er truleg utdøydd[2].

Miljøverndepartementet, Department of Conservation (DOC), vedlikeheld ei fottur-rute langs elva[2] og ei villmarkshytte er tilgjengeleg for tugåarar.[2].

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Dowling (redaktør) (2004) Reed New Zealand Atlas, s. kart 69 – New Zealand. ISBN 0-7900-0952-8.
  2. 2,0 2,1 2,2 Arthur's Pass: Avalanche Peak - Crow River route. Department of Conservation.


Koordinatar: 42°59′0″ S 171°30′40″ E