Crown of Creation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Crown of Creation
Studioalbum av Jefferson Airplane
Utgjeve September 1968
Innspelt Februar til juni 1968
Studio RCA Victor Studios i Hollywood
Sjanger Acidrock, psykedelisk rock, folkrock
Lengd 38:23
Selskap RCA Victor
Produsent Al Schmitt
Jefferson Airplane-kronologi
After Bathing at Baxter's
(1967)
Crown of Creation Bless Its Pointed Little Head
(1969)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone(nøytral)[2]

Crown of Creation er det fjerde albumet til rockebandet Jefferson Airplane frå San Francisco, utgjeve i september 1968 på RCA Victor. Bandet fortsette her på utviklinga si innan psykedelisk musikk som på det førre albumet, After Bathing at Baxter's.[3]

Sjølv om det ikkje var like populært som Surrealistic Pillow (1967) salsmessig sett, vart albumet ein stor suksess samanlikna med føregangaren, og nådde sjetteplassen på Billboard Pop Charts og selde til gullplate i USA. Dei to singlane frå albumet («Greasy Heart», utjeve i april 1968 etterfølgd av tittelsporet i november) vart mindre hittar på Hot 100-lista.[4][5]

David Crosby-songen «Triad» er den einaste songen som ikkje er skriven av Jefferson Airplane. Han vart tidlegare forkasta av bandet til Crosby, The Byrds, sidan han vart rekna for å vere for vågal, då han handlar om ein seksuell trekant.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Lather»  Grace Slick 2:57
2. «In Time»  Paul Kantner, Marty Balin 4:14
3. «Triad»  David Crosby 4:55
4. «Star Track»  Jorma Kaukonen 3:11
5. «Share a Little Joke»  Balin 3:09
6. «Chushingura» (instrumental)Spencer Dryden 1:20
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «If You Feel»  Balin, Gary Blackman 3:21
2. «Crown of Creation» (Sampla frå John Wyndham sin «The Chrysalids»)Kantner 2:54
3. «Ice Cream Phoenix»  Kaukonen, Charles Cockey 3:02
4. «Greasy Heart»  Slick 3:26
5. «The House at Pooneil Corners»  Kantner, Balin 5:54
Bonusspor på 2003-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
12. «Ribump Ba Bap Dum Dum» (instrumental)Dryden, William Goodwin 1:32
13. «Would You Like a Snack?» ([6])Frank Zappa, Slick 2:40
14. «Share a Little Joke» (singelversjon)Balin 3:09
15. «The Saga of Sydney Spacepig»  Dryden 7:55
16. «Candy Man» (gøymd spor)Rev. Gary Davis 2:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk
  • Al Schmitt – produsent
  • Richie Schmitt – lydteknikar
  • Pat Ieraci – 8-spor
  • Hiro – fotografi
  • USAF – bombefoto, stundom omtalt som Hiroshimabombinga, men er i røynda frå ei prøvebombing
  • J. Van Hamersveld – albumdesign, kunstnarisk leiar
  • Bill Laudner – turnémanager
  • Chick Casady – utstyrsmanager
  • Bill Thompson – manager

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1968 Billboard Pop Albums 6

Singlar

År Singel Liste Plassering
1968 «Greasy Heart» Billboard Pop Singles 98
1968 «Crown of Creation» Billboard Pop Singles 64

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce (2011). «Crown of Creation – Jefferson Airplane | AllMusic». allmusic.com. Henta 10. juni 2019. 
  2. Miller, Jim (26. oktober 1968). «Jefferson Airplane: Crown of Creation : Music Reviews : Rolling Stone». Rolling Stone. Straight Arrow Publishers, Inc. Henta 10. juni 2019. 
  3. «After Bathing at Baxter's». last.fm. Henta 10. juni 2019. 
  4. «Jefferson Airplane – Crown of Creation». guitarinternational.com. Henta 10. juni 2019. 
  5. «40 Albums Baby Boomers Loved». rollingstone.com. Henta 10. juni 2019. 
  6. Frank Zappa er tilskriven som «leiar» på «Would You Like a Snack?». Zappa sine bandmedlemmar Art Tripp, Ian Underwood og Don Preston er òg med. Zappa gav ut ein song med same namn på 200 Motels, som er ein heilt annan song enn denne.