Crubeens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Crubeens til sals.

Crubeens (frå irsk crúibín, 'griseføter')[1][2] er ein irsk matrett laga av kokte griseføter.

Etter at dei er kokte med krydder, urter og grønsaker (som lauk, gulrot, laurbærblad, persille og pepar) kan ein panera griseføtene før ein frityrsteiker dei, eller dei kan bakast. Crubbeens kan serverast varme eller kalde.

Retten var utbreidd som snøggmatgatekjøken og i og ved pubar på heile 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Dei er blitt mindre vanlege, men blir framleis serverte i tradisjonell form sør på Irland og i gourmetrestaurantar med interesse for tradisjonsmat.[3]

Crubeens er nemnde i folkesongen «The Galway Races» som mellom anna er blitt framført av The Clancy Brothers, The Dubliners, The Chieftains og The Pogues.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. crúibín Foras na Gaeilge, 2013.
  2. Crubeens (Crunchy Pigs' Trotters). European Cuisines. Retrieved: 2010-10-15.
  3. «Ireland: Crubeens (Crunchy Pigs' Trotters)», European Cuisines 
  4. «Galway Races», King Laoghaire - Irish Ballads & Tunes 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]