Cruden Bay
| Cruden Bay | |||
| Inbhir Chruidein | |||
| landsby | |||
Harbour Street i Cruden Bay. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Aberdeenshire | ||
| Areal | 0,92 km² | ||
| Folketal | 1 640 (2016) | ||
| Postnummer | AB42 | ||
| Retningsnummer | 0 01779 81 | ||
![]() Cruden Bay 57°25′02″N 1°51′09″W / 57.4173°N 1.85248°W | |||
| Wikimedia Commons: Cruden Bay | |||
Cruden Bay (skotsk-gælisk Inbhir Chruidein) er ein landsby i regionen Aberdeenshire i Skottland. Han har kring 1 600 innbyggjarar, og ligg på nordkysten av Bay of Cruden, 42 km nord for Aberdeen.
Like sør for Slains Castle var Cruden Bay var åstad for eit slag mellom danskar og skottar under kong Malcolm II i 1012. Namnet kjem opphavleg frå gælisk Croch Dain (slakt av danskar).[1]
I dag trekker Cruden Bay til seg turistar med hotell og golf bane. Staden har ei lang strandlinje som vart kjend då flygaren Tryggve Gran gjorde den første flyturen aleine over Nordsjøen.[2]
Cruden Bay er staden der Forties pipeline system går i land, som fører råolje 169 km gjennom Forties Unity-plattforma, til terminalen ved Cruden Bay. Derfrå blir råolja ført til prosessanlegget ved Kinneil i Grangemouth.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ A Brief History of Cruden Parish Church crudenchurch.org.uk
- ↑ Tryggve Gran, arkivert frå originalen 2007-03-14, henta 2011-11-03
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)
- Denne artikkelen bygger på «Cruden Bay» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.
