Cruising with Ruben & the Jets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cruising with Ruben & the Jets
Studioalbum av The Mothers of Invention
Språk engelsk
Utgjeve 2. desember 1968
Innspelt Apostolic Studios, NYC
desember 1967 - februar 1968
Sjanger doo-wop
Lengd 40:34
Selskap Bizarre/Verve
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
We're Only in It for the Money
(1968)
Cruising with Ruben & the Jets Uncle Meat
(1969)
Singlar frå Cruising with Ruben & the Jets
  1. «Deseri»
    Utgjeve: 1968
  2. «Anyway the Wind Blows»

Cruising with Ruben & the Jets er det fjerde studioalbumet til the Mothers of Invention. Det kom ut 2. desember 1968 på Bizarre og Verve Records, distribuert av MGM Records, og sidan remiksa av Frank Zappa og gjeve ut sjølvstendig.

Som med dei tre førre albuma til bandet, var dette eit konseptalbum påverka av doo wop og rock and roll frå 1950-åra. Albumet handlar om eit oppdikta doo wop-band kalla Ruben & the Jets, representert av illustrasjonen på omslaget av Cal Schenkel, som syner the Mothers of Invention som hundar. Plata kom til som ein del av eit prosjekt kalla No Commercial Potential, som òg gav tre andre album: Lumpy Gravy, We're Only in It for the Money og Uncle Meat.

Albumet og singlane fekk noko radiosuksess, på grunn av doo wop-stilen. Bandet Ruben and the Jets vart kalla opp etter dette albumet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Under ei tidlegare innspeling diskuterte lydteknikaren Richard Kunc og the Mothers of Invention dagane på high school og doo wop-songar. Ray Collins og somme av dei andre bandmedlemmane starta å synge og spele songar, og Zappa foreslo at dei skulle spele inn eit album med doo wop-musikk.[1] Collins slutta seinare i The Mothers of Invention, og Zappa byrja å arbeide på eit prosjekt kalla No Commercial Potential, som i tillegg til Cruising with Ruben & the Jets, gav We're Only in It for the Money, ei revidert utgåve av Lumpy Gravy og Uncle Meat.[2][3]

Etter kontrakten til The Mothers of Invention med MGM og Verve Records gjekk ut, forhandla Frank Zappa og Herb Cohen seg fram til eit slags halvvegs sjølvstendig plateselskap kalla Bizarre Records, der Verve gav ut tre Bizarre-utgjevingar distribuert av MGM: det nye Mothers of Invention-albumet, Cruising with Ruben & the Jets, samlealbumet Mothermania, og eit album av Sandy Hurvitz, Sandy's Album is Here at Last.[2][3][4]

Zappa sa om utgjevingane av Lumpy Gravy, We're Only in It for the Money, Cruising with Ruben & the Jets og Uncle Meat, «Det er alt eitt album. All musikken på albuma er organisk knytte til kvarandre og om eg hadde hatt alle masterlydbanda kunne eg tatt eit barberblad, kutta dei opp og sett dei saman i ei anna rekkefølgje, og det ville framleis vore eit musikkstykke ein kunne lytte til. Så kunne eg tatt barberbladet igjen, kutta det opp og sett det saman på ein annan måte igjen, og det ville framleis ha gjeve meining. Eg kunne gjort dette på tjue måtar. Materialet er definitivt knytt til kvarandre».[2]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Ray Collins vart med i The Mothers of Invention att for innspelinga av albumet, sidan den høge falsetten hans passa på innspelingane. I følgje Collins, «eg tok med inn 'stilen som kom frå å vokse opp i Pomona i California, der eg voks opp med Four Aces, The Four Freshmen, Frankie Lane, Frank Sinatra og Jesse Baldwin. Den tidlege påverknaden frå R&B kom til Southern California då eg var på high school. Og eg hugsa Peter Potter sitt show, og eg trur eg hugsar den første R&B-songen der var 'Oop-Shoop'. Frank hadde faktisk meir påverknad frå 'verkeleg blues', du veit, som Muddy Waters og dei folka der. Men eg likte ikkje det då eg var ung. Eg var meir for popkultur, popradio og eg har alltid likt det betre enn tidleg blues - sjølv om eg elskar John Lee Hooker og dei folka der».[1]

I følgje Bunk Gardner, «Cruising with Ruben & the Jets var eit lett album å spele inn. Me spelte det inn samstundes med Uncle Meat fordi songane var lette og særs enkle og kravde ikkje mykje tid for arrangement og teknisk overdubbing. Det var byrjinga på slutten for Ray Collins fordi alt det nye Frank skreiv var litt for langt ute og borte frå røtene til Ray - som var ting frå Ruben-tida. Motorhead òg var på sitt beste under innspelinga av dette albumet. Han elska Ruben og det var den typen musikk han vart nostalgisk til - på scenen der han gjorde dei dansestega og spelte denne musikken [...] eg likte verkeleg å spele ein solo på Ray-songen 'Anything'. Eg hugsar Frank, Ray og Roy stod i kontrollrommet medan eg spelte inn soloen min. Frank sa etter det første opptaket om å gjere det enkelt, så eg spikra det på neste forsøket og alle var nøgde!»[1]

Han inkluderte fire songar frå det første albumet til The Mothers, Freak Out!: «How Could I Be Such A Fool»; «You Didn't Try To Call Me»; «Anyway The Wind Blows» og «I'm Not Satisfied».

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Innanfor konseptet for albumet var Ruben Sano leiaren for det oppdikta bandet «The Jets». Plateomslaget synte Ruben frå eit tidleg high school-bilete av Zappa.[1] I følgje kunstnaren Cal Schenkel, «Eg starta å arbeide på ei soge om Ruben and the Jets som er knytt til Uncle Meat-soga, som er denne gamle karen som gjorde om dette tenåringsbandet til desse hundesnutefolka [...] Me starta på det før det faktisk vart Ruben and the Jets. Det kom frå kjærleiken min for teikneseriar og den stilen, dei menneskelege dyra, men det var òg ein del av historia».[2]

Zappa sa om tekstane på albumet, «eg avskyr 'kjærleikstekstar'».[4] Han skrev med vilje kjærleikestekstar han skildra som «nesten mongoloide» for å drive satire med sjangeren.[4] Musikken på Cruising with Ruben & the Jets var den mest normale sjangeren Mothers of Invention hadde spelt til då, og prøvde å reprodusere 50-tals doo wop og rock and roll.[1] Arrangementa inneheld likevel sitat frå Igor Stravinsky-stykke og uvanlege akkordendringar og temposkifte.[4][5]

Utgjeving og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic (Cruising with Ruben & the Jets 1984 Remix)3/5 stars[6]
Allmusic (Greasy Love Songs)4/5 stars[7]

Albumet var populært på radio og dei trudde det var eit gammalt, ukjend doo wop-album av eit ukjend band kalla Ruben & the Jets.[1] I følgje Zappa vart dei originale singlane frå albumet omtalt som framført av «Ruben & the Jets», medan seinare singlar der det stod at songen var framført av the Mothers of Invention ikkje vart spelt like mykje.[8] Plateomslaget har ei snakkeboble som seier «Is this the Mothers of Invention recording under a different name in a last ditch attempt to get their cruddy music on the radio?»[4] Zappa omtalte seinare at han hadde «lurt folk» med dette albumet som «tull».[4]

Zappa òg at the Mothers of Invention skulle spele inn eit nytt Ruben & the Jets-album,[8] men det kom aldri noko oppfølgjar. Eit band som kalla seg Ruben and the Jets, til ære for albumet, gav ut debutalbumet sitt, For Real! i 1973 på Mercury Records, produsert av Zappa.[9]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I 1984 førebudde Zappa ein ny miks av Cruising with Ruben & the Jets for CD og vinylboksen The Old Masters I. Miksen inneheld nytt rytmespor spelt inn av bassisten Arthur Barrow og trommeslagaren Chad Wackerman, slik remiksen frå 1984 av We're Only in It for the Money hadde. Zappa sa «Lydbanda for Ruben and the Jets var i betre tilstand, men sidan eg likte resultatet på We're Only in it For the Money, valde eg å gjere det same med Ruben. Men desse er dei einaste to albuma der dei originale framføringane vart erstatta. Eg meinte det viktige var sjølve songane».[2]

Etter miksinga vart det annonsert av Zappa vart saksøkt for 13 millionar dollar av Jimmy Carl Black, Bunk Gardner og Don Preston, som seinare fekk med seg Ray Collins, Art Tripp og Motorhead Sherwood, slik at kravet auka til $16,4 millionar, fordi dei hevda dei ikkje hadde fått honorar frå Zappa sidan 1969.[2]

I 2009 vart den originale miksen av albumet gjeve ut som ein del av eit samlealbum kalla Greasy Love Songs.[7] Allmusic sin François Couture gav remiks-albumet frå 1984 3 av 5 stjerner.[6] Seinare gav Sean Westergaard, Greasy Love Songs 4 av 5 stjerner.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa utanom der anna er nemnt.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Cheap Thrills» 2:23
2.«Love of My Life»Zappa, Ray Collins3:10
3.«How Could I Be Such a Fool» 3:35
4.«Deseri»Collins, Paul Buff2:07
5.«I’m Not Satisfied» 4:03
6.«Jelly Roll Gum Drop» 2:20
7.«Anything»Collins3:04
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Later That Night» 3:06
9.«You Didn’t Try to Call Me» 3:57
10.«Fountain of Love»Zappa, Collins3:01
11.««No. No. No».» 2:29
12.«Anyway the Wind Blows» 2:58
13.«Stuff Up the Cracks» 4:35
Total lengd:40:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar
Produksjon
  • Produsent: Frank Zappa
  • Lydteknikar: Dick Kunc
  • Plateomslag: Cal Schenkel

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1969 Pop Albums 110

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Cruising with Ruben & the Jets» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 James, Billy (1. oktober 2002). «Necessity Is: The Early Years of Frank Zappa and the Mothers of Invention». ISBN 9780946719518. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Miles, Barry (2005-09), Zappa (på engelsk), Grove Press, ISBN 9780802142153, henta 16. november 2019 
  3. 3,0 3,1 Miles, Barry (2005-09), Zappa (på engelsk), Grove Press, ISBN 9780802142153, henta 16. november 2019 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Zappa, Frank with Occhiogrosso, Peter (1989). The Real Frank Zappa Book. New York: Poseidon Press. s. 87–90. ISBN 0-671-63870-X. 
  5. Couture, François. «Review of Cruising with Ruben & the Jets». Allmusic. Henta 2. november 2007. 
  6. 6,0 6,1 Couture, François (2011). «Cruising with Ruben & the Jets - The Mothers of Invention | AllMusic». allmusic.com. Henta 18. mai 2014. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Westergaard, Sean. «Greasy Love Songs: An FZ Audio Documentary Project/Object - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 22 oktober 2011. 
  8. 8,0 8,1 Frank Zappa, «Serious Fan Mail", Greasy Love Songs, Zappa Records ZR20010, 2010.
  9. http://www.allmusic.com/album/r221064