Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cry Like a Rainstorm,
Howl Like the Wind

Studioalbum av Linda Ronstadt
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1989
Innspelt Mars til august 1989
Studio Skywalker Ranch i Marin County
Sjanger
Lengd 43:02
Selskap Elektra Records
WEA International
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi 
Canciones de Mi Padre
(1987)
Cry Like a Rainstorm,
Howl Like the Wind
Mas Canciones
(1991)


Singlar frå Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind
  1. «Don't Know Much»
    Utgjeve: September 1989
  2. «All My Life»
    Utgjeve: Januar 1990
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars[1]
Chicago Tribune2/4 stars[2]
Los Angeles Times3/5 stars[3]
Rolling Stone4/5 stars[4]

Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind er det sekstande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i oktober 1989 av Elektra Records. Det vart produsert av Peter Asher og inneheld fleire duettar i lag med songaren Aaron Neville, som vann Grammyprisar, og fleire songar skrivne av Jimmy Webb og Karla Bonoff. Albumet selde over tre millionar eksemplar og selde til 3x platina i USA aleine. Det var òg ein stor suksess elles i verda.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind er ei varierande samling av songar innan rock, R&B og pop. I tillegg inneheld albumet eit par balladar, mellom anna Jimmy Webb sin «Adios». Av dei tolv spora er fire av dei duettar mellom Ronstadt og Aaron Neville frå Neville Brothers. I tillegg spelte The Skywalker Symphony, blåserekkja i Tower of Power og Oakland Interfaith Gospel Choir på albumet. I tillegg til songar av Jimmy Webb og Karla Bonoff, er her songar av Brian Wilson, som var med og song og var arrangør på den 14. topp 10-hitten til Rontadt på Adult Contemporary-lista, «Adios». Andre arrangørar på albumet var Marty Paich, David Campbell, Jimmy Webb, Greg Adams og Terrance Kelly.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind selde godt og singelen «Don't Know Much» gjekk til topps på singellista i USA, ein av duettane med Neville. «Don't Know Much» og «All My Life», ein annan stor hitt og duett med Neville, vann begge Grammyprisen i høvesvis 1990 og 1991 for beste popsong av ein duo eller ei gruppe. Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong i lag med Bette Midler, Bonnie Raitt, Gloria Estefan og Paula Abdul. Albumet nådde sjuandeplassen på den amerikanske Billboard 200-lista og låg inne på lista i over eitt år.

Då albumet nådde Billboard Top 10 seint i 1989 vart Ronstadt den andre kvinna i historia som nådde topp 10 med ti album etter Barbra Streisand.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Still Within the Sound of My Voice»Jimmy Webb4:32
2.«Cry Like a Rainstorm»Eric Kaz3:36
3.«All My Life»Karla Bonoff3:36
4.«I Need You»Paul Carrack, Nick Lowe, Martin Belmont2:52
5.«Don't Know Much»Barry Mann, Cynthia Weil, Tom Snow3:35
6.«Adios»Jimmy Webb3:36
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Trouble Again»Karla Bonoff, Kenny Edwards3:19
8.«I Keep it Hid»Jimmy Webb3:58
9.«So Right, So Wrong»Paul Carrack, Nick Lowe, Martin Belmont, J. E. Ceiling, James Eller3:28
10.«Shattered»Jimmy Webb2:54
11.«When Something Is Wrong with My Baby»Isaac Hayes, David Porter3:52
12.«Goodbye My Friend»Karla Bonoff3:44
Total lengd:43:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]


Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Asher – produsent
  • Steve Tyrell – co-produsent (spor 5)
  • George Massenburg – innspeling og miksing
  • Frank Wolf – ekstra lydteknikar
  • Bob Edwards – assisterande lydteknikar
  • Sharon Rice – assisterande lydteknikar
  • Mike Ross – assisterande lydteknikar
  • Jim Schelter – assisterande lydteknikar
  • Ivy Skoff – produksjonskoordinasjon
  • John Kosh – kunstnarisk leiar, design
  • Robert Blakeman – fotografi
  • Cathy Kerr – personleg assistent
  • Janet Stark – personleg assistent
  • Charles Barber – assistent for Marty Paich
  • Jeff Beal – orkester-koordinator
  • Greg Sudmeier – orkester-koordinator

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Liste (1989) Plassering
Australia (ARIA Charts)[5] 11
UK Albums Chart[5] 43
US Billboard 200 7

Singlar

År Singel Liste Plassering
1989 «Don't Know Much» Adult Contemporary 1
Billboard Hot 100 2
1990 «Adios» Adult Contemporary 9
«All My Life» Adult Contemporary 1
Billboard Hot 100 11
«When Something Is Wrong with My Baby» Adult Contemporary 5
Billboard Hot 100 78

Kjelder[endre | endre wikiteksten]