Crystal Taliefero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Crystal Taliefero
Rivera, Taliefero, Fischer of Billy Joel Band May 2007 2.jpg
Mark Rivera, Taliefero og Carl Fischer i Billy Joel Band i mai 2007
Fødd1963
FødestadBourne i Massachusetts
OpphavUSA
Aktiv1974 til i dag
SjangerRock, rhythm and blues
Instrumentperkusjon, saksofon, munnspel, gitar, trommer, korvokal
Verka somMusikar

Crystal Taliefero-Pratt (fødd Taliefero i 1963) er ein amerikansk multi-instrumentalist og songar. Sidan 1989 har ho turnert og spelt med Billy Joel.

Ho vart bede om å spele trommer og synge på Storm Front av Billy Joel i 1989, og var med som korvokalist i 1993 på River of Dreams.[1]

I 1991 song Taliefero med Bee Gees på turneen deira, og i 1992 var ho med Bruce Springsteen på den omfattande verdsturneen hans, som enda i juni 1993.[2]

Andre artistar Taliefero har spelt i lag med er Faith Hill, Garth Brooks, Joe Cocker, Tina Arena, Bob Seger, Brooks & Dunn, Richie Sambora, Elton John, Enrique Iglesias, Natalie Merchant, Meat Loaf, Michael McDonald og The Northern Pikes, Julian Lennon, Dolly Parton's «Two Doors Down», Steven Van Zandt, Mick Jones frå Foreigner og Buddy Guy.

I ein artikkel i 2008 kalla «The 125-Plus People, Places and Things Ruling the Rock & Roll Universe» erklærte magasinet Rolling Stone at Taliefero var «beste løynde våpen».[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Requet, Thad. «Former Band Member Spotlight: Crystal Taliefero-Pratt». johnmellencamp.com. Henta 13 July 2014. 
  2. Greene, Andy. «Bruce Springsteen, Billy Joel Form Supergroup for Obama in NYC». Rolling Stone. Henta 2. september 2014. 
  3. Hiatt, Brian (2008). «Best Secret Weapon - Crystal Taliefero». rollingstone.com. Henta 2. september 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]