Cubakrisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spionfoto av bygginga av den sovjetiske rakettbasen ved San Cristobal. Biletet vart teke med lågtflygande jagarfly.

Cubakrisa var ein spent konfrontasjon mellom Sovjetsamveldet og USA, i løpet av den kalde krigen. Bakgrunnen var Sovjet si plassering av atomrakettarCuba. Den mest intense tida byrja den 16. oktober 1962, då president John F. Kennedy fekk sjå fotografiske prov på sovjetiske installasjonar for avfyring av atomvåpen, og vara i 13 dagar til den 28. oktober 1962, då den sovjetiske leiaren Nikita Khrusjtsjov avgjorde at installasjonane skulle demonterast. Krisa vert i ettertid oppfatta som den tida då den kalde krigen var nærast å verta ein atomkrig, eller tredje verdskrig.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ein viktig faktor for å skjøna alvoret i Cubakrisa, var den USA-støttede innrykkinga i Grisebukta (Bahía dei Cochinos) 17. til 19. april 1961. Innrykkinga vart slått tilbake, men det kubanske leiarskåpet med Fidel Castro og Che Guevara i spissen, var overbevist om at USA ville slå til med eit nytt og langt større åtak. Av denne grunnen knytta Cuba sterkare band til Sovjetsamveldet.[1]

At sovjetiske skip med rakettar var på veg ut i Atlanteren vart fyrst observert frå Langelandsfortet i Danmark. Fortet var oppretta som ledd i den kalde krigen og var retta mot skipstrafikken forbi Danmark.

Forløp[endre | endre wikiteksten]

Krisa braut ut 22. oktober 1962 då USA sin president John F. Kennedy fann ut at Sovjetsamveldet var i ferd med å utplassere mellomdistanserakettar på Cuba. Ein slik utplassering ville jamne ut terrorbalansen mellom USA og Sovjetsamveldet ved at Sovjetsamveldet med slike rakettar hadde mogleik til eit hurtig motangrep på USA med atomvåpen. Tidlegare ville eit slikt motangrep – på grunn av store avstander – vore umogleg i tilfellet USA sitt åtak på Sovjetsamveldet frå basane sine i nærheita av Sovjetsamveldet. Med rakettar på Cuba vart responstida minska til om lag sju minutt.

Før dette skjedde hadde Fidel Castro satt i gang ei stor av-amerikanisering eller nasjonalisering av den kubanske industrien. Som fylgje av dette valde Kennedy å stogge all handel med Cuba og erklære at USA ville setja i gang ein blokade av Cuba, eit begrep som senere vart redefinert til karantene. I tillegg bestemte han seg for å oppfordre dissidenter og dissidentskipnadar (t.d. Alpha 66 og Den kubansk-amerikanske skipinga) som arbeidde mot Cuba, til å gjera terror, attentatforsøk på politikarar og attentat på sivile kubanarar, som frå dette til 2006 har kosta 3478 kubanarar livet. Kennedy gjorde dette båe for di han kjente at USA sine interessar vart truga og for å hindre utplassering av atomrakettar, nettopp fordi han visste at dette kunne skje som fylgje av Cubas og Sovjetunionens gode forhold. Ein slik blokade var i strid med internasjonale reglar og er sett på som ein krigshandling. Ein karantene er meir selektiv, og i dette tilfellet gjaldt ho berre offensive våpen.

Sovjetsamveldet nekta imidlertid å stogge lastebåtane med rakettar som allereie var på veg til Cuba. Eit eventuelt sovjetisk forsøk på å bryta blokaden ville verta møtt med ein amerikansk senkning av fartøga, noko som igjen sannsynligvis ville vorte svart med sovjetisk gjengjelding. I sum ville ein slik konfrontasjon med stor sannsynlegheit ha endt opp til bruk av atomvåpen i og med at USA og NATO på denne tida hadde ei forsvarsdoktrine om at atomvåpen kunne brukast for å forsvara alliansen og dei individuelle medlemslanda.

Mens dei sovjetiske skipene var underveis til Cuba, drev amerikanske og sovjetiske diplomater med uformelle og hemmelige forhandlingar. Desse forhandlingene lykkast, og dei sovjetiske båtene snudde like før dei nådde den amerikanske blokaden utenfor Cuba. Blant annet det norske forsvaret var i denne perioden i høy beredskap, med kort varsel for utrykking spesielt for avdelingar i Nord-Noreg.

Avtalen mellom USA og Sovjetsamveldet var hemmelig og er i ettertid blitt gradvis meir ope. Ein del av avtala var at Sovjetsamveldet skulle stogge arbeidet med å utplassere mellomdistanserakettar på Cuba mot at USA demonterte og trakk tilbake mellomdistanserakettar sine frå Tyrkia og Italia.[2]

Ein annan viktig bakgrunn for Cubakrisa var invasjonen i Grisebukta (Bahia de Cochinos) 17. til 19. april 1961. Invasjonsstyrkane var mykje folk som hadde bakgrunn frå Cuba, med stønad frå USA. Invasjonen vart slegen attende, men dei cubanske leiarane med Fidel Castro og Che Guevara i spissen, var overtydd om at USA ville slå til med eit nytt og langt større åtak. Cuba knytte slik sterkare band til Sovjetunionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

{[referansar}}

  1. Artikkel om bakgrunnen for cubakrisen, skrevet av John R. McGeehan. Besøkt: 21.08.2012, arkivert frå originalen 2012-07-18, henta 4. november 2019 
  2. THE COLD WAR INTERNATIONAL HISTORY PROJECT BULLETIN, skrevet av Jim Hershberg, publisert i 1995.