Cubansk bolero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bolero er ein songsjanger med opphav i Aust-Cuba seint på 1800-talet som del av trova-tradisjonen. Han oppstod uavhengig av den eldre spanske daseforma med same namn. Cubansk bolero er kjenneteikna av sofistikerte tekstar som tek for seg kjærleik. Han er blitt kalla den «typiske latinamerikanske romantiske songen frå 1900-talet» ("quintessential Latin American romantic song of the twentieth century").[1]

Til skilnad frå canción, ei enklare form med fleire tema, utvikla ikkje bolero seg direkte frå ein europeisk lyrisk tradisjon, som omfatta italiensk opera og canzone, og var utbreidd i byområde som Havana på same tid. I staden oppstod han som ein tyoe romantisk folkedikting som blei utøvd av ein ny type trubadur frå Santiago de Cuba, kjende som trovadores.[1] Pepe Sánchez er rekna som far til denne rørsla og forfattaren til den fyrste boleroen, «Tristezas», skriven i 1883.[2] Ophphavleg blei boleroar sungne av einskilde trovadores som speltegitar til. Over tid blei det vanleg for trovadores å spela i grupper som dúos, tríos, cuartetos osb. Takka vera Trío Matamoros og seinare Trío Los Panchos blei bolero utbreidd og populær i Latin-Amerika, USA og Spania. Samstundes var Havana òg blitt ein frodig møtestad for boleroskaparar som kom saman for å komponera og improvisera nye songar; denne rørsla blei kalla filin, frå det engelske ordet feeling eller ‘kjensle’. Mange av dei meste variege stykkene frå sjangeren blei skrivne då og spreidde gjennom radio og kabaretframføringar av songarar som Olga Guillot og Elena Burke, akkompagnert av orkester og storband.[3]

Boleroar er vanlegvis i 4/4-takt. Musikalsk kan komposisjonar og arrangement ha ei rekkje former. Denne fleksibiliteten har gjort at boleroar har vore del av repertoaret til kubanske son- og rumba-ensemble, i tillegg til spanske copla- og flamenco-songarar, sidan tidleg 1900-tal. Av og til har boleroar smelta saman med andre former til nye undersjangrar, som bolero-son, som var populær på 1930- og 1940-talet, og bolero-cha, som var populær på 1950-talet. I USA blei selskapsdansen rhumba utvikla som ei tilpassing av bolero-son på 1930-talet. Boleroar er også del av afrikansk rumba-repertoar utøvd av mange artistar frå Kinshasa til Dakar, etter at ei rekkje bolero-innspelingar blei distribuerte til radioar der som del av G.V. Series. Sjangeren blei også populær i Vietnam, der han blei utgangspunkt for ein songstil som var på moten i Sør-Vietnam før Saigon fall i 1975, og har halde på populariteten blant vietnamesarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Party, Daniel (2014). Horn, David; Shepherd, John, red. Bloomsbury Encyclopedia of Popular Music of the World, Volume 9: Genres: Caribbean and Latin America (på engelsk). Bloomsbury Publishing. s. 62–67. ISBN 978-1-4411-3225-3. 
  2. Bigott, Luis Antonio (1993). Historia del bolero cubano, 1883-1950 (på spansk). Ediciones Los Heraldos Negros. s. 59. ISBN 978-980-6323-17-9. 
  3. Bigott (1993) pp. 202, 213, 224.