Culcitopsis borealis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Culcitopsis borealis
Culcitopsis borealis
Culcitopsis borealis
Systematikk
Rekkje: Pigghudingar Echinodermata
Klasse: Sjøstjerner Asteroidea
Overorden: Spinulosacea
Orden: Spinulosida
Underorden: Leptognathina
Familie: Poraniidae
Slekt: Culcitopsis
Art: C. borealis
Vitskapleg namn
Culcitopsis borealis

Culcitopsis borealis er ei sjøstjerne i ordenen Valvatida. Ho liknar ei tjukk pute og er nesten femkanta på form. Ho vert kring 20 centimeter i diameter og er funnen på Lophelia-rev og på sand med skjelsand på djupner mellom 110 og 1 170 meter Det er uvisst kva arten et.

C. borealis vart funnen fyrste gongen utanfor Shetland i juni 1905 under ei ferd med det tyske skipet Poseidon.

Aust i Atlanterhavet er C. borealis funnen ved norskekysten ved Troms og Nordmøre, ved Færøyane og sørover til Skottland, England, Portugal og Marokko. Vest i Atlanterhavet er arten funnen frå New Foundland og Georges Bank til New York.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Culcitopsis borealis skriven av Halldis Ringvold. Artikkelen vart utgjeven av Akvaplan-niva, Sea Snack Norway og Espen Rekdal Photography under lisensen CC BY 4.0. Henta 25. desember 2020.
    Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.