Culver Down

Koordinatar: 50°40′00″N 1°06′31″W / 50.66666°N 1.10851°W / 50.66666; -1.10851
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Culver Down
fjell
Culver Down sett frå Sandown Bay, 2003.
Land  England
Område Isle of Wight
Høgd 104 moh.
Kart
Culver Down
50°40′00″N 1°06′31″W / 50.666661111111°N 1.1085111111111°W / 50.666661111111; -1.1085111111111
Wikimedia Commons: Culver Down

Culver Down er nokre graskledde bakkar av krit nord for SandownIsle of Wight i England. Ein trur at namnet kjem frå Culfre, det gammalengelske namnet for «due». Området er ein viktig hekkestad for sjøfugl. Nordsida av bakkane vert nytta som beitemark for kyr. Delar av området vert nytta som skytefelt, men dei offentlege områda tilhøyrer National Trust. Frå bakkane har ein utsikt over Den engelske kanalen.

I mange år var heile området ein militærsone og stengd for ålmenta. Det er fleire historiske militære anlegg her, fleire private hus, ein pub og eit monument.

Monumentet er eit minnesmerke til Charles Anderson-Pelham, den andre baronen av Yarborough (seinare første jarlen av Yarborough og Baron Worsley), som grunnla Royal Yacht Squadron ved Cowes. Det vart først reist i 1849 på det høgaste punktet på Bembridge Down, litt lenger vest, men så flytta hit i 1860-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

50°40′00″N 1°06′31″W / 50.66666°N 1.10851°W / 50.66666; -1.10851