Cumberland East Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 54°17′S 36°26′W
Cumberland East Bay
bukt
none
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°17′S 36°26′W
Lengd 13 km
Administrert under Antarktistraktaten
Cumberland East Bay is located in Antarktis
Cumberland East Bay (Antarktis)

Cumberland East Bay er ei bukt som utgjer den austlege greina av Cumberland Bay i Sør-Georgia. Ho ligg mellom Sappho Point og Barff Point, og er der nesten 4,5 km brei og strekkjer seg 13 km mot søraust. Ho vart kartlagd av Den svenske antarktisekspedisjonen, 1901–04, som namngav ho «South Bay». Ho vart kartlagd på ny i 1926–29 av eit lag frå Discovery Investigations og kalla «East Cumberland Bay», som er eit meir skildrande namn ut frå plasseringa. Det kortare namnet «East Bay» vert òg nytta. Etter South Georgia Survey, 1951–52, foreslo UK Antarctic Place-Names Committee at namnet skulle endrast til Cumberland East Bay og alle andre namn vart avslått.

22. april – 24. april 1982 prøvde britiske Special Boat Service å krysse Cumberland East Bay. Dei hadde gått i land i Hound Bay og gått gjennom Sörling Valley, men vart hindra frå å angripe dei argentinske stillingane på grunn av mykje is og snø.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bicheno, Hugh (2006) Razor's Edge: The Unofficial History av Falklandskrigen. London. Weidenfield & Nicholson. ISBN 978-0-7538-2186-2