Cumberland West Bay
Cumberland West Bay | |||
bukt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | |||
Lengd | 11 km | ||
![]() Cumberland West Bay | |||
Cumberland West Bay er ei bukt som utgjer den vestlege armen av Cumberland Bay i Sør-Georgia. Ho ligg sør for Larsen Point, der ho er 4 km brei og strekkjer seg 11 km mot sørvest. Ho vart kartlagd av Den svenske antarktisekspedisjonen, 1901–04, som namngav ho «West Bay». Ho vart kartlagd på ny i 1926–29 av eit lag frå Discovery Investigations og kalla «West Cumberland Bay». Det forkorta namnet West Bay vart nytta samstundes. Etter South Georgia Survey, 1951–52, foreslo UK Antarctic Place-Names Committee å endre namnet til Cumberland West Bay og alle andre namn vart avvist.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Cumberland West Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cumberland West Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).