Cumbria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cumbria
EnglandCumbria.png
Geografi
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
Opphav 1974
Region Nordvest-England
Areal 6 768 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

496 600
73,4 /km²
Etnisitet 96,7 % kvite
1,7 % andre
Distrikt
CumbriaNumbered.png
  1. Barrow-in-Furness
  2. South Lakeland
  3. Copeland
  4. Allerdale
  5. Eden
  6. Carlisle

Cumbria er eit ikkje-metropolitansk grevskap i Nordvest-England. Cumbria vart skipa i 1974 og består av seks distrikt og har kring ein halv million innbyggjarar.

Cumbria er det tredje største grevskapet i England ut frå areal og grenser i vest til Irskesjøen, i sør til Lancashire, i søraust til North Yorkshire og i aust til County Durham og Northumberland. Skottland ligg i nord.

Grevskapet er hovudsakleg landleg og her ligg mellom anna Lake District National Park, som vert rekna som eit av dei vakraste områda i Storbritannia. Mykje av grevskapet er fjellendt og det høgaste punktet i grevskapet (og England) er Scafell Pike på 978 meter over havet. Alle fjella i England på over 900 meter over havet ligg i Cumbria.

Delar av Hadrians mur ligg lengst nord i grevskapet, i og rundt Carlisle.

Typisk landskap frå Lake District

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Cumbria» har same rot som det walisiske namnet på Wales, Cymru (latinisert Cambria), som opphavleg tydde landsmenngammalwalisisk.[1]

Grevskapet Cumbria vart skapt i 1974 frå områda som tidlegare hadde høyrt til dei administrative grevskapa Cumberland og Westmorland, County Borough of Carlisle, samt North Lonsdale eller Furness i Lancashire (inkludert Barrow-in-Furness) og frå West Riding of Yorkshire kom Sedbergh Rural District. Namnet «Cumbria» har deriomt vorte nytta for dette området i mange hundreår.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Online Etymological Dictionary Cymric

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cumbria

Koordinatar: 54°30′N 3°15′W