Cupfinalen i fotball 1963/Menn
Cupfinalen i fotball 1963 var den 58. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt sundag 27. oktober på Ullevaal stadion i Oslo framfor 31 444 tilskodarar. IK Skeid vart norsk meister etter å ha slått Fredrikstad Fotballklubb med 2–1 i ein kamp som varte i 120 minutt. Det var sjette gongen Skeid vann Norges Fotballforbund sin kongepokal.
Eigenleg var dette den aller fyrste finalen i ein noregsmeisterskap i fotball, ettersom alle tidlegare NM i fotball ikkje opna for deltaking frå fotballag frå dei nordnorske fylka Nordland, Troms og Finnmark.
Kampen
[endre | endre wikiteksten]Fredrikstad opna best og tok leiinga i det 19. minutt. Terje Høili snappa opp ein retur frå Skeid-målvakta. Fredrikstad var det dominerande laget resten av den 1. omgangen. Skeid tok initiativet i den 2. omgangen og utlikna då Pål Sæthrang i det 50. minutt la inn framom FFK-målet og Kai Sjøberg stupte fram og stanga ballen i målburet. Trass i mange målsjansar makta ingen av laga å få ballen over målstreken i resten av ordinær tid. I ekstraomgangane pressa Fredrikstad på for skåring, men det vart Skeid som fekk mål eit par minutt før 120 minutt var omme. Sjøberg nikka eit innlegg frå Sæthrang i tverrliggaren, før Sæthrang sjølv var påpasseleg og med eiga panne stussa ballen i mål frå svært kort hald.
Laga
[endre | endre wikiteksten]Skeid sitt vinnarlag: Kjell Kaspersen, Kjell Wangen, Frank Olafsen, Finn Thorsen, Finn Tøraasen, Erik Mejlo, Terje Gulbrandsen, Bjørn Elvenes, Kai Sjøberg, Pål Sæthrang og Terje Kristoffersen.
Fredrikstad FK mønstra målvakta Kai Henriksen, backane Kjell Andreassen og Per Martinsen, halfane Roar Johansen, Hans Jakob Mathisen, Rolf Olsen og løparrekka Bjørn Borgen, Per Kristoffersen, Terje Høili, Arne Pedersen (kaptein) og Jan Aas.
Kåre Furulund frå Løren Sportsklubb dømde kampen.