Cupfinalen i fotball 1967/Menn
Cupfinalen i fotball 1967 var den 62. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt sundag 29. oktober på Ullevaal stadion i Oslo framfor 27 389 tilskodarar. Ski-og Fotballklubben Lyn frå Oslo slo Rosenborg Ballklub frå Trondheim 4–1 og vart noregsmeister i fotball for sjuande gong. Ivar Hornslien hadde ei vanskeleg oppgåve som dommar på ei glatt og sølete bane som la tilhøva til rette for mange taklingar og ukontrollerte situasjonar.
Kampen
[endre | endre wikiteksten]Baneforholda var prega etter vedvarande regn. Etter ein Rosenborg-spelar handsa i straffefeltet, skåra Ola Dybwad-Olsen på straffesparket i det 10. minutt. Med eit skot frå 17-18 meter la Harald Berg på til 2–0 då kampen var 25 minutt gammal. Odd Iversen reduserte leiinga i det 34. minutt, før Harald Berg var frampå att i det 42. minutt. Seks minutt ut i den andre omgangen, fekk Lyn nok eit straffespark. No var det Knut Berg, bror til Harald, som fekk gled med å legge på til sluttresultatet 4–1.
Laga
[endre | endre wikiteksten]Lyn sitt vinnarlag bestod av Svein Bjørn Olsen, Jan Rodvang, Kjell Saga, Helge Østvold, Knut Kolle, Svein Bredo Østlien, Andreas Morisbak, Jan Berg, Harald Berg, Ola Dybwad-Olsen, Knut Berg.
Rosenborg mønstra Tor Røste Fossen, Knut Jenssen, Kåre Rønnes, Kjell Hvidsand, Nils Arne Eggen, Svein Haagenrud, Jan Christiansen, Tore Pedersen, Harald Sunde, Odd Iversen og Birger Thingstad.