Cupfinalen i fotball 1974/Menn
Cupfinalen i fotball 1974 var den 69. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt på Ullevaal stadion i Oslo sundag 20. oktober, med 11 710 tilskodarar på tribunane. IK Skeid frå Oslo vann kampen mot IL Viking frå Stavanger med 3–1. Det var åttande og siste gongen Skeid steig til topps i noregsmeisterskapen i fotball.
Kampen
[endre | endre wikiteksten]Finalen vart spelt ei grasmatte oppløyst av vedvarande regn, heilt på grensa av det tilrådelege. Surt ver med sludd i bygene gjorde det ikkje betre for korkje spelarar og folk på tribunane. I ein sjansefattig omgang skåra Bjørn Skjønsberg for Skeid då han smelte til frå meter etter 39 minutts spel. Meir fart i kampen vart det i den andre omgangen. I det 50. minutt nikka Viking-spissen Hans Edgar Paulsen frå langt hald, ballen smaug seg under Skeid-målvakta og over målstreken. I det 72. minutt finta Stein Thunberg seg fri i Viking sitt midtforsvar, og plasserte ballen sikkert forbi Viking-målvakta. Eitt minutt før dommaren skulle blåse av kampen, fastsette same karen sluttresultatet til 3-1. Egil Bergstad frå Borre Idrettsforening dømde oppgjeret.
Laga
[endre | endre wikiteksten]Skeid sitt vinnarlag bestod av Per Egil Nygård, Harald Gjedtjernet, Jan Birkelund, Per Christian Olsen, Georg Hammer, Trygve Bornø, Frank Olafsen, Tor Egil Johansen (kaptein), Bjørn Skjønsberg, Stein Thunberg og Kai Arild Lund.
Viking stilte med Erik Johannessen, Anbjørn Ekeland, Reidar Goa, Olav Nilsen, Sigbjørn Slinning, Inge Valen, Svein Kvia (kaptein), Gunnar Berland, Hans Edgar Paulsen, Trygve Johannessen, Arvid Knutsen.