Hopp til innhald

Cupfinalen i fotball 1977/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cupfinalen i fotball 1977 var den 72. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt på Ullevaal stadion i Oslo sundag 23. oktober med 22 648 tilskodarar på tribunane. Lillestrøm Sportsklubb vart noregsmeister for aller fyrste gong ved å vinne over Bodø/Glimt med 1–0. Rolf Haugen frå Lillehammer FK dømde oppgjeret.

Lillestrøm SK og Bodø/Glimt møttest på ei haustvåt, sleip fotballbane. Noko som kan ha medverka til at fyrste omgangen vart ganske fri for opne målsjansar og prega av få gode avslutningar. Finalen vart avgjort i det 76. minutt. Tom Lund tok mot ballen på høgresida, spela vegg med Terje Olsen og sprang gjennom mykje av Glimt-forsvaret og plasserte fotballen forbi ei utrusande målvakt og i motsett del av målet.

Lillestrøm-laget bestod av Arne Amundsen, Rune Hansen, Jan Birkelund, Tore Kordahl, Georg Hammer, Frank Grønlund, Tor Egil Johansen, Gunnar Lønstad, Terje Olsen, Tom Lund (kaptein) og Erik Karlsen.

Bodø/Glimt mønstra Jon Abrahamsen, Gunnar S. Haare, Truls Klausen, Ernst Pedersen, Arnfinn Helgesen, Arild Olsen, Harald Berg (kaptein), Anders Farstad, Ove Andreassen, Arne Hanssen og Jakob Klette.