Hopp til innhald

Cupfinalen i fotball 1978/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cupfinalen i fotball 1978 var den 71. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt sundag 22. oktober på Ullevaal stadion i Oslo framfor 23 534 tilskodarar. Lillestrøm Sportsklubb vann kongepokalen for andre året i rad, etter siger 2–1 mot Sportsklubben Brann frå Bergen.

Brann var det beste laget i den fyrste omgangen. I det 20. minutt mottok Steinar Aase ballen utanfor 16-meteren, tverrvende og skaut frå 15 meter lågt under eit utrusande LSK-målvakt. Seinare i omgangen skaut Vidar Hansen i tverrliggaren, før Brann-forsvaret fekk avklara situasjonen. Vel midtvegs i den andre omgangen snudde Vidar Hansen kampen med to kjappe mål. Fyrst skåra han frå kort hald etter myljespel framom Brann-buret. Nokre få minutt seinare hoppa han høgst i ein hovud-duell og fekk stanga eit innlegg frå høgre over Brann-målvakta og bort i motsett vinkel. Brann var sidan nær ved å utlikne då Steinar Aase smelte til på ei halv-klarering frå LSK-forsvaret og ballen trefte tverrliggaren.

Lillestrøm stilte med Arne Amundsen i mål, vidare Per Berg, Jan Birkelund, Tore Kordahl, Georg Hammer, Frank Grønlund, Gunnar Lønstad, Øivind Tomteberget, Leif Hansen, Tom Lund, Vidar Hansen og Rolf Nordberg. I pausen vart Berg bytta ut med Arne Dokken.

Brann mønstra Jan Knudsen, Helge Karlsen, Bjørn Brandt, Terje Rolland, Tore Nordtvedt, Kjell Rune Pedersen, Atle Hellesø, Neil McLeod, Ingvald Huseklepp, Steinar Aase og Bjørn Tronstad. Ingvar Dalhaug spelte dei siste ti minutta i staden for Pedersen.

Reidar Bjørnestad frå IL Sandviken dømde oppgjeret.