Cupfinalen i fotball 1988/Menn
Cupfinalen i fotball 1988 var den 81. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalen vart avgjort gjennom omkamp sundag 30. oktober på Ullevaal stadion i Oslo, etter den fyrste finalekampen enda uavgjort. Rosenborg Ballklub sikra seg kongepokalen for fjerde gong, då laget frå Trondheim sigra over Sportsklubben Brann med 2–0.
Finalekampane
[endre | endre wikiteksten]Den ordinære finalen 23. oktober var mållaus i over 80 minutt. Sju minutt før ordinær tid var ute, stanga Gøran Sørloth eit innlegg forbi Brann-målvakta. Fire minutt seinare slo Trond Nordeide «en flat ball inn foran mål» som Odd Johnsen dundret i nettaket». Fire minutt ut i fyrste omgang når eit innlegg Sørloth, som skyt knallhardt høgt i mål. Allereie tre minutt etter fekk Brann hjørnespark. Ballen hamna til sist hos Atle Torvanger, som frå om lag 20 meter plasserte eit laust skot inn ved stolpen.
Omkampen sundagen etter vart avgjort drygt midtvegs i den fyrste omgangen. Før nemnde Sørloth fekk kjempetreff i det 25. minutt. På halvspretten fyrte han av frå nær 35 meter og ballen gjekk i ein boge over målvakta og i målburet. Åtte minutt deretter la Karl Petter Løken på til 2–0. Etter ein sjansefattig andre omgang kunn Rosenborg-spelarane stige opp på ærestribuna.
Rosenborg sitt vinnarlag: Ola By Rise, Trond Henriksen, Trond Sollied, Bård Wiggen, Jan Hansen, Kåre Ingebrigtsen, Sverre Brandhaug, Ørjan Berg, Karl Petter Løken, Gøran Sørloth, Jahn Ivar Jakobsen. Geir Olav Bøgseth spelte heile kampen den 23. Henriksen vart då tidleg skadd og Jan Hansen kom inn etter 6 minutts spel. Wiggen var innbytar i den fyrste kampen, Knut Torbjørn Eggen og Trond Sundby det same den 30.
Brann-mannskapet bestod av Bjarni Sigurðsson, Henrik Bjørnstad, Redouane Drici, Jan Halvor Halvorsen, Lars Moldestad, Trond Nordeide, Per Egil Ahlsen, Arne Møller, Per Hilmar Nybø, Odd Johnsen, Atle Torvanger. Geir Soleim vart bytta inn i begge kampane, Halvor Storskogen fekk nokre få minutt i den fyrste kampen, medan Jan Erlend Kruse spelte andreomgangen i den avgjerande kampen.
Bjørn Kronborg frå Faaberg IL dømde den fyrste kampen, Thorodd Presberg frå Strømsgodset IF den andre.