Cupfinalen i fotball 2007/Menn
Cupfinalen i fotball 2007 var den 102. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt 11. november på Ullevaal Stadion i Oslo framfor 24 361 tilskodarar. Mannskapet til Lillestrøm Sportsklubb sikra klubbens femte kongepokal, etter siger 2–0 over Fotballklubben Haugesund. Per Ivar Staberg dømde oppgjeret. Finaledebutanten FK Haugesund var det fjerde fotballaget frå Haugesund som spelte finale i noregsmeisterskapen i fotball. Ei heller føregangarane Haugar, Vard og Djerv 1919 lukkast vinne sine respektive finalar.
Kampen
[endre | endre wikiteksten]Lillestrøm SK var store favorittar mot FK Haugesund, eit lag som spelte på nivå 2 i seriesystemet. Lillestrøm streva lenge med å omsette eit overtak i banespelet til skåring. Fyrst i det 57. minutt lukkast det for kanadiaren Olivier Occean å skyte ballen i nettet bak ei sjanselaus Haugesund-målvakt. Same karen var frampå att i sluttsekunda og sikra at Lillestrøm vann kampen med 2 mot 0.
Laga
[endre | endre wikiteksten]Vinnarlaget til Lillestrøm bestod av Otto Fredrikson, Anders Rambekk, Pål Steffen Andresen, Frode Kippe, Marius Johnsen, Espen Søgård, Khaled Mouelhii, Simen Brenne, Bjørn Helge Riise, Olivier Occean, Magnus Myklebust. Myklebust og Johnsen vart bytta ut etter høvesvis 57 og 66 minutt, inn kom Arild Sundgot og Shane Stefanutto.
Haugesund mønstra Per Morten Kristiansen, Bjørn Strøm, Elias Storm, Eirik Horneland, Carlos Castro, Dag Roar Ørsal, Rodolfo Rodríguez, Svein Tore Brandshaug, Cameron Weaver, Stian Johnsen, Sten Ove Eike. Tor Arne Andreassen og Petter Larsen entra bana i det 65. minutt, ut gjekk Brandshaug og Eike. Jonas Johansen spelte dei siste fem minutta i staden for Castro.