Cupfinalen i fotball 2017/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cupfinalen for menn 2017 var den siste og avgjerande kampen i Noregsmeisterskapen i fotball for menn, den 112. cupfinalen i Noreg. Kampen stod mellom Lillestrøm Sportsklubb og Sarpsborg 08 Fotballforening. Finalen vart avvikla søndag 3. desember 2017 på Ullevaal Stadion i Oslo framfor 25 091 tilskodarar. Lillestrøm SK vann oppgjeret med 3 mot 2 mål. Det var sjette gongen fotballklubben frå Lillestrøm sikra seg kongepokalen, førre NM-sigeren kom i 2007.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Vel eitt minutt etter startsignalet skåra Simen Kind Mikalsen for LSK, etter slett forsvarsspel. Ti minutt seinare stod det 2–0 på måltavla, Mats Haakenstad skaut frå skrått hald ei halvklarering i mål. Dansken Patrick Mortensen reduserte for Sarpsborg 08 i det 24. minutt, slik at stillinga ved pause var 2–1, fordel LSK. I det 59. minutt auka lagkaptein Frode Kippe til 3–1 då han frå kort hald skalla eit hjørnespark i mål. Fem minutt seinare kom kampens siste mål då eit Sarpsborg 08-innlegg trefte same spelaren og fauk inn i LSK-buret.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Lillestrøm sitt vinnarmannskap bestod av: Arnold Origi, Mats Haakenstad, Marius Amundsen, Frode Kippe (kaptein), Simen Rafn, Aleksander Melgalvis, Fredrik Krogstad, Ifeanyl Mathew, Simen Kind Mikalsen, Chigozie Udoji, Erling Knudtzon. På tampen av kampen kom Erik Brenden, Stefan Antonijevic og Marco Tagbajumi i spel, ut gjekk Melgalvis, Udoji og Knudtzon.

Sarpsborg 08 stilte med: Anders Kristiansen, Amin Askar, Joackim Jørgensen, Sigurd Rosted, Joachim Thomassen (kaptein), Ole Jørgen Halvorsen, Matti Lund Nielsen, Nicolai Poulsen, Kristoffer Zachariassen, Krépin Diatta og Patrick Mortensen.

Ola Hobber Nilsen frå Nordstrand IF var hovuddommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]