Cuphead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cuphead

Utviklar(ar)StudioMDHR
Utgjevar(ar)StudioMDHR
DistributørSteam, GOG.com, Humble Store, Nintendo eShop, Microsoft Store, PlayStation Store
Kreativt ansvarleg(e)Chad Moldenhauer
Jared Moldenhauer
Produsent(ar)Marija Moldenhauer
Ryan Moldenhauer
Komponist(ar)Kristofer Maddigan
SpelmotorUnity
Siste versjon1.3.4
Plattform(er)Microsoft Windows
Xbox One
macOS
Nintendo Switch
PlayStation 4
UtgjevingWindows, Xbox One
29. september 2017
macOS
19. oktober 2018
Nintendo Switch
18. april 2019
PlayStation 4
28. juli 2020
SjangerRun and gun
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
Nettstadhttp://www.cupheadgame.com/

Cuphead er eit run and gun-spel utvikla og utgjeve av den uavhengige kanadiske spelutviklaren StudioMDHR Entertainment. Spelet går ut på at ein eller to spelarar, i rolla som Cuphead eller broren Mugman, kjempar seg gjennom ein serie av sjefskampar for å betale tilbake ei gjeld til djevelen. Grafikkstilen i spelet er inspirert av amerikanske teiknefilmar frå 1930-talet, av typen som vart produserte av mellom andre Max Fleischer og Walt Disney.

Cuphead kom ut til Microsoft Windows og Xbox One 29. september 2017,[1] macOS i oktober 2018,[2] Nintendo Switch i april 2019[3] og PlayStation 4 i juli 2020.[4] Spelet har fått positiv kritikk for den grafiske stilen og den utfordrande vanskegraden.[5][6] Det har vore ein kommersiell suksess og har selt over seks millionar kopiar per 2020.[4] Under E3 2018 vart det annonsert nytt innhald til spelet, titulert The Delicious Last Course,[7] som kjem ut i juni 2022 og har ein ny spelbar figur, nye nivå og sjefskampar.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cuphead har fått ny slippdato». Gamer.no. Henta 29. september 2017. 
  2. «Cuphead Available Now on Macintosh!». Studio MDHR. Henta 21. mars 2010. 
  3. «Cuphead is coming to Switch next month». Eurogamer. Henta 20. mars 2019. 
  4. 4,0 4,1 «Cuphead launches on PS4». VentureBeat. Henta 26. februar 2022. 
  5. «Cuphead review». Polygon.com. Henta 1. juni 2018. 
  6. «Cuphead review». EGMNow. Henta 1. juni 2018. 
  7. «Cuphead returns in The Delicious Last Course next year». Eurogamer. Henta 11. juni 2018. 
  8. «Cuphead: The Delicious Last Course». cupheadgame.com. Henta 26. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]