Cupritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cupritt
CupriteUSGOV.jpg
Cupritt frå Morenci i Arizona
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelCu2O
Strunz-klassifisering04.AA.10
Dana-klassifisering4.1.1.1
KrystallsymmetriKubisk (4/m 3 2/m)
Einingscellea = 4.2685 Å; V 77.77 ų; Z = 2
Identifikasjon
KrystallformKubisk, åttesidig, og dodekaediske krystallar; som hårliknande kapillære former, jordaktig, kompakt korna og massiv
KrystallsystemKubisk heksoktahedral
TvillingPenetrerande tvillingar
KløyvGrei i fire retningar som dannar oktaeder
BrotMuslig til ujamn
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala3.5 til 4
GlansDiamantaktig, undermetallisk, jordaktig
StrekfargeSkinande metallisk brunraud
TransparensGjennomsiktig, gjennomskineleg
Spesifikk vekt6.14
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparIsotrop
Brytingsindeksn = 2.849
PleokroismeSynleg
Kjelder[1][2][3]

Cupritt eller raudkoparerts er eit mineral som kjemisk er eit koparoksid, Cu2O, og som krystalliserer kubisk. Det finst som overtrekk på gedigent kopar i Dalane i Kviteseid og Årdal i Sogn og elles i små mengder fleire andre stader.

Cupritt er typisk knytt til oksidasjonssonen i koparførekomstar og har atskillig tyding som koparmalm, til dømes i USA og Chile. Vene krystall er særleg kjent frå Tsumeb i Namibia. Ein varietet av cupritt er chalcotrichitt som dannar hårforma krystall. Ein annan varietet er jordaktig, såkalla teglmalm, som er blanda med jernoksid og anna.

Cupritt vart først skildra i 1845 og namnet kjem frå latinsk cuprum etter koparinnhaldet.[2]

Cupritt er funnen i Uralfjella, Altaifjella og Sardinia, og i meir isolerte stader i Cornwall, Frankrike, Arizona, Chile, Bolivia og Namibia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cuprite». Mindat. Henta 10. juli 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Cuprite». Webmineral data. Henta 10. juli 2010. 
  3. Handbook of Mineralogy