Cupvinnarcupfinalen i fotball 1961

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1961 var den fyrste av 39 årlege fotballturneringar der vinnarane av dei nasjonale cup-/pokalturneringane i Europa (UEFA) kunne delta. ACF Fiorentina frå Firenze vann turneringa etter sigrar 2-0 på bortebane og 2-1 på heimebane over Rangers FC frå Glasgow. Som den einaste av finalane i cupvinnarcupen vart turneringa i 1961 avslutta med heime-/bortekamp, sidan vart finalekampen lagd til ei førutbestemt bane.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

80 000 tilskodarar var til stades på Ibrox stadion i Glasgow 17. mai 1961. Dei såg Luigi Milan skåre to mål for Fiorentina, det fyrste i det 12. minutt og det andre etter 87 minuttars spel, utan at nokon av Rangers-spelarane makta finne nettmaskane. Carl Erich Steiner frå Austerrike dømde kampen.

Returfinalen på Kommunalstadion i Firenze fann stad ti dagar seinare, ettermiddagen 27. mai 1961, framfor 50 000 tilskodarar. Luigi Milan sende heimelaget i føringa i det 13. minutt. Ein time ut i kampen stod det 1-1 etter at Alex Scott var frampå. Fem minuttar før slutt gav Kurt Hamrin Fiorentina 2-1 i sjølve kampen og 4-1 samanlagt i finalespelet. Dommar i Firenze var Vilmos Hernádi frå Ungarn.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Fiorentina sitt vinnarlag bestod av: Enrico Albertosi, Enzo Ribotti, Piero Gonfiantini, Sergio Castelletti, Alberto Orzan, Claudio Rimbaldo, Dante Micheli, Kurt Hamrin, Dino da Costa, Liugi Milan og Gianfranco Petris.

Rangers stilte: Billy Ritchie, Bobby Shearer, Bill Paterson, Harold Davis, Eric Caldow, Jim Baxter, Alex Scott, Ian McMillan, Davie Wilson, Ralph Brand, Jimmy Millar, Bobby Hume.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]