Cupvinnarcupfinalen i fotball 1965

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1965 fann stad på Wembley stadion i London 19. mai 1965, framfor 97 974 tilskodarar. London-laget West Ham United vann finalen, den 5. i sitt slag, med siffera 2-0 over vesttyske 1860 München.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Etter ein mållaus fyrste omgang vart kampen avgjort vel midtvegs i den andre. Fyrst spelte Ronnie Boyce fri høgrevengen Alan Sealey, som skåra frå kort hald i det 70. minutt, og allereie to minuttar seinare la same karen på til 2-0 etter at 1860-målvakta ikkje klarte å fange eit innlegg frå Bobby Moore.

István Zsolt frå Ungarn dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

West Ham stilte fylgjande 11, alle saman englendarar; Jim Standen, Joe Kirkup, Ken Brown, Bobby Moore (kaptein), Jack Burkett, Martin Peters, Ronnie Boyce, Brian Dear, Alan Sealey, Geoff Hurst og John Sissons.

1860 München mønstra; Petar Radenković, Manfred Wagner, Hans Reich, Wilfried Kohlars, Stevan Bena, Otto Luttrop, Alfred Heiß, Hans Küppers, Rudi Brunnenmeier (kaptein), Peter Grosser og Hans Rebele.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]