Cupvinnarcupfinalen i fotball 1966

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1966 fann stad på Hampden Park i Glasgow 5. mai 1966, framfor 41 657 tilskodarar. Vesttyske Borussia Dortmund vann finalen, den 6. i sitt slag, med siffera 2-1 over Liverpool FC.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Etter ein mållaus fyrste omgang sende Sigfried Held Borussia i føringa i det 61. minutt, Roger Hunt utlikna leiinga sju minuttar seinare. Fleire mål kom ikkje i ordinær tid og det vart fyrst i det 107. minutt Reinhard Libuda vart matchvinnar for Borussia med eit langskot frå 30 meter.

Pierre Schwinte frå Frankrike dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Borussia Dortmund sitt vinnarlag var: Hans Tilkowski, Gerhard Cyliax, Wolfgang Paul, Rudi Assauer, Theodor Redder, Dieter Kurrat, Wilhelm Sturm, Reinhard Libuda, Aki Schmidt, Sigfried Held og Lothar Emmerich.

Liverpool mønstra: Tommy Lawrence, Chris Lawler, Ron Yeats, Gerry Byrne, Gordon Milne, Willie Stevenson, Peter Thompson, Roger Hunt, Ian St.John, Tommy Smith og Ian Callaghan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]