Cupvinnarcupfinalen i fotball 1968

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1968 fann stad på Stadion Feijenoord i Rotterdam 23. mai 1968, framfor 53 276 tilskodarar. Italienske AC Milan vann finalen, den 8. i sitt slag, med siffera 2-0 over Hamburger SV.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Den svenske Milan-spissen Kurt Hamrin vart einsleg målskårar med sine to nettkjenningar i den fyrste omgangen, i høvesvis det 3. og det 19. minutt.

José María Ortiz frå Spania dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Milan sitt vinnarlag bestod av: Fabio Cuducini, Angelo Anquiletti, Nevio Scala, Karl-Heinz Schnellinger, Roberto Rosato, Giovanni Trappatoni, Giovanni Lodetti, Gianni Rivera (kaptein), Kurt Hamrin, Angelo Sormani og Pierino Prati.

Hamburg mønstra: Özcan Arkoç, Helmut Sandmann, Egon Horst, Willi Schulz, Jürgen Kurbjuhn, Holger Dieckmann, Werner Krämer, Bernd Dörfel, Uwe Seeler (kaptein), Franz-Josef Hönig og Gert Dörfel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]