Cupvinnarcupfinalen i fotball 1969

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1969 fann stad på St. Jakob-stadion i Basel 21. mai 1969, framfor 19 478 tilskodarar. Slovan Bratislava frå dåverande Tsjekkoslovakia vann finalen, den 9. i sitt slag, med siffera 3-2 over FC Barcelona frå Spania.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Slovan Bratislava sjokkopna og tok leiinga i det 2. minutt ved Ľudovít Cvetler. José Antonio Zaldúa utlikna til 1-1 i det 16 minutt, men skåringar ved Vladimír Hrivnák i det 30. og Ján Čapkovič i det 42. minutt syrgde for leiing 3-1 til Slovan Bratislava til puase. Carles Rexach reduserte til 2-3 i det 52. minutt, fleire mål kom ikkje.

Laurens van Ravens frå Nederland dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Slovan Bratislava sit vinnarlag bestod av: Alexander Vencel, Jozef Fillo, Vladimír Hrivnák, Alexander Horváth (kaptein), Ján Zlocha, Jozef Čapkovič, Ivan Hrdlička, Ľudovít Cvetler, Ladislav Móder, Karol Jokl, Ján Čapkovič. Midtvegs i andre omgang tok Bohuš Bizoň over for Móder.

Barcelona stilte med: Salvador Sadumi, Josep Franch, Ferran Olivella, Joaquim Rifé, Silvestre Eladio, Carlos Pellicer, Pedro Zabalza, José Antonio Zaldúa, Santiago Castro, Josep Maria Fusté og Carles Rexach. Franch vart skadd 10 minuttar ut i kampen, inn kom Jesús María Pereda. I pausa gjekk Castro ut og Jorge Alberto Mendonça tok over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]