Cupvinnarcupfinalen i fotball 1973

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1973 fann stad på Kaftanzoglio stadion i Thessaloniki 16. mai 1973, framfor 40 154 tilskodarar. Italienske AC Milan vann finalen, den 13. i sitt slag, med siffera 1-0 over Leeds United.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Luciano Chiarugi skåra kampens einaste mål i det 5. minutt. Riccardo Sogliano og Norman Hunter vart begge utvist i sluttsekundane.

Grekaren Christos Michas dømde finalen. Han vart etter kampen dømd for kampfiksing, etter som han konsekvent dømde til fordel for AC Milan.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Milan-laget mønstra: Villiam Vecchi, Giuseppe Sabadini, Angelo Anquiletti, Maurizio Turone, Roberto Rosato, Giulio Zignoli, Riccardo Sagliano, Romeo Benetti, Gianni Rivera (kaptein), Alberto Bigon og Luciano Chiarugi. I det 59. minutt vart Rosato bytta ut med Danilo Dolci.

Leeds mønstra: David Harvey, Paul Reaney (kaptein), Norman Hunter, Paul Madeley, Trevor Cherry, Mick Bates, Terry Yorath, Frank Gray, Peter Lorimer, Joe Jordan og Mick Jones. Gordon McQueen tok plassen til Gray i det 54. minutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]