Cupvinnarcupfinalen i fotball 1975

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1975 fann stad på St. Jakob-stadion i Basel 14. mai 1975, framfor 10 897 tilskodarar. Dynamo Kiev frå dåverande Sovjetunionen vann finalen, den 15. i sitt slag, med siffera 3-0 over Ferencváros frå Budapest.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Dynamo Kiev leia 2-0 ved pause etter skåringar av Volodimir Onitsjenko i det 18. og 39. minutt. Oleh Blokhin la på til 3-0 i det 67. minutt og fleire mål kom ikkje.

Skotten Robert Davidson dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Dynamo Kiev sitt vinnarlag bestod av: Jevgenij Rudakov, Viktor Matvjenko, Mikhail Fomenko, Stefan Resjko, Vladimir Trosjkin, Anatolij Konkov, Volodimir Muntjan, Viktor Kolotov (kaptein), Leonid Burjak, Volodimir Onitsjenko og Oleh Blokhin.

Ferencváros mønstra: István Géczi (kaptein), Győző Martos, István Megyesi, Miklós Pataki, Tibor Rab, Tibor Nyilasi, István Juhász, József Mucha, Ferenc Szabo, János Máté og István Magyar. Tibor Onhausz kom innpå i staden for Nyilasi i det 60. minutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]