Cupvinnarcupfinalen i fotball 1976

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1976 fann stad på Heysel-stadion i Brussel 5. mai 1976, framfor 51 296 tilskodarar. RSC Anderlecht frå nettopp Brussel vann finalen, den 16. i sitt slag, med sluttsiffera 4-2 mot West Ham United frå London.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Pat Holland gav London-laget 1-0 i det 28. minutt, Rob Rensenbrink utlikna til 1-1 i det 42. minutt. François Van der Elst sende Anderlecht framom i det 48. minutt. Tjue minuttar seinare utlikna Keith Robson for West Ham, men mål nummer to frå Rensenbrink på straffespark fem minuttar etter og frå Van der Elst i det 88. minutt fastsette resultatet til 4-2 i Anderlecht sin favør.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Anderlecht sin vinnarlag: Jan Ruiter, Hugo Broos, Gilbert Van Binst (kaptein), Jean Dockx, Ludo Coeck, Arie Haan, Peter Ressel, Rob Rensenbrink og François Van der Elst. Ein skadd Coeck vart etter vel halvtimen bytta ut med Frank Vercauteren.

West Ham stilte med: Mervyn Day, Keith Coleman, Billy Bonds (kaptein), Tommy Taylor, Frank R. Lampard, John McDowell, Pat Holland, Graham Paddon, Trevor Brooking, Billy Jennings og Keith Robson. Lampard vart skadd straks etter pause og Alan Taylor kom inn i staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]