Cupvinnarcupfinalen i fotball 1977

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1977 fann stad på Olympisch Stadion i Amsterdam 11. mai 1977, framfor 65 000 tilskodarar. vesttyske Hamburger SV vann finalen, den 17. i sitt slag, med siffera 2-0 mot tittelforsvarar RSC Anderlecht frå Brussel.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Etter ein mållaus fyrste omgang tok det over halvtimen av den andre før det vart endring i målprotokollen. Hamburg vart då tildelt straffespark og venstrevengen Georg Volkert netta sikkert. Ti minuttar seinare la den sentrale midtbanespelaren Felix Magath på til sluttresultatet 2-0.

Engelendaren Pat Partridge dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Hamburg sitt vinnarlag bestod av: Rudi Kargus, Manfred Kaltz, Hans-Jürgen Ripp, Peter Nogly (kaptein), Peter Hidien, Caspar Memering, Felix Magath, Ferdinand Keller, Arno Steffenhagen, Willi Reimann og Georg Volkert, alle saman vesttyskarar.

Anderlecht mønstra fylgande mannskap: Jan Ruitewr, Gilbert Van Binst, Erwin Vandendaele (kaptein), Jan Thiessen, Hugo Broos, Jean Dockx, Ludo Coeck, Arie Haan, François Van der Elst, Peter Ressel og Rob Rensenbrink.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]