Cupvinnarcupfinalen i fotball 1979

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1979 fann stad på St. Jakob-stadion i Basel 16. mai 1979, framfor 58 000 tilskodarar. Etter 120 minuttars spel vann FC Barcelona finalen, den 19. i sitt slag, med 4 mål mot Fortuna Düsseldorf sine 3 mål.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Tente Sánchez gav Barcelona leiinga i det 5. minutt, allereie tre minuttar seinare utlikna Thomas Allofs til 1-1. I det 34. minutt sende Juan Manuel Asensi det spanske laget i føringa att, sju minuttar etter utlikna Wolfgang Seeel til 2-2. Etter ein mållaus 2. omgang tok Barcelona føringa for tredje gang mot slutten av 1. ekstraomgang ved Carles Rexach. I det 111. minutt la lagkameraten Hans Krankl på til 4-2 og det hjelpte då lite at Wolfgang Seel gjorde sitt andre mål for dagen tre minuttar seinare. Barcelona-kaptein Asensi kunne heve vinnarpokalen etter sigerssiffera 4-3.

Károly Palotai frå Ungarn dømde oppgjeret.

Laga[endre | endre wikiteksten]

FC Barcelona sitt vinnarlag bestod av: Pedro Artola, Rafael Zuviría, Migueli Bianquetti, Quique Costas, José Albalajedo, Johan Neeskens, Juan Manuel Asensi (kaptein), Tente Sánchez, Carles Rexach, Hans Krankl og Francisco Carrasco. Antonio de la Cruz avløyste Albalajedo i det 57. minutt og Francisco Martínez midstoppar Costas i det 66.

Fortuna Düsseldorf-mannskapet: Jörg Daniel, Heiner Baltes, Gerd Zewe (kaptein), Gerd Zimmermann, Egon Köhnen, Dieter Brei, Hubert Schmitz, Rudi Bommer, Thomas Allofs, Klaus Allofs og Wolfgang Seel. Midtstoppar Zimmermann vart skadd allereie i det 4. minutt og erstatta av Flemming Lund. Midtvegs vart også Brei bytta ut, inn kom Josef Weikl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]