Cupvinnarcupfinalen i fotball 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1980 fann stad på Heysel-stadion i Brussel 14. mai 1980, framfor 36 000 tilskodarar. Valencia CF vann finalen, den 20. i sitt slag, med sluttsiffera 5-4 mot Arsenal FC frå London. Alle måla kom i straffesparktevlinga etter 120 mållause minuttar.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Korkje Valencia eller Arsenal var i stand å finne nettmaskane gjennom 120 minuttars spel. Straffeskytinga tok til med at Valencias Kempes og Arsenals Brady bomma på sine forsøk. Sidan sette dei åtte neste utvalde eksekutørane skota inn i mål. Også Ricardo Arias, den sjette straffeskytaren til Valencia, lukkast få ballen forbi Arsenal-målvakta. Derimot sette Graham Rix Arsenals sjette forsøk nokså beint på Valencia-målmannen, som dermed berga Valencia-triumf.

Vojtech Christov frå Tsjekkoslovakia dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Valencia-laget: Carlos Pereira, José Carrete, Manuel Botubot, Ricardo Arias, Miguel Tendillo (kaptein), Daniel Solsona, Enrique Saura, Rainer Bonhof, Javier Subirats, Mario Kempes og Pablo Rodríguez. I det 112. minutt tok Ángel Castellanos over for Subirats.

Arsenal-laget: Pat Jennings, Pat Rice (kaptein), David O'Leary, Willie Young, Sammy Nelson, Graham Rix, Brian Talbot, David Rice, Liam Brady, Alan Sunderland og Frank Stapleton. John Hollins spelte 2. ekstraomgang i staden for Price.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]