Cupvinnarcupfinalen i fotball 1981

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1981 fann stad på Olympiakó-stadion i Athen 13. mai 1981, framfor 4 750 tilskodarar. Dinamo Tbilisi frå dåverande Sovjetunionen vann finalen, den 21. i sitt slag, med 2-1 over Lokomotive Leipzig frå dåverande Aust-Tyskland.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Etter ein mållaus fyrsteomgang, gav Gerhard Hoppe det auttyske laget leiinga i det 63. minutt. Fire minuttar seinare syrgde Vladimir Gutsajev for balanse i stillinga. Vitali Daraselia vart matchvinnar for Dinamo Tbilisi med ei skåring i det 86. minutt.

Riccardo Lattanzi frå Italia dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Dinamo Tbilisi-laget bestod av: Otar Gabelia, Giorgi Tavadze, Nodar Khizanisjvilij, Aleksandr Tsjivadze (kaptein), Tamaz Kostava, Zaur Svanadze, Vitali Daraselia, Tengiz Sulakvelidze, Vladimir Gutsajev, David Kipiani og Ramaz Sjengelia. Nuzgar Kakilasjvilij fekk plassen til Svanadze straks før laget utlikna til 1-1.

Lokomotive Leipzig mønstra: Hans-Ulrich Grapenthin, Gert Brauer, Rüdiger Schnuphase, Lothar Kurbjuweit (kaptein), Wolfgang Schilling, Gerhard Hoppe, Andreas Krause, Lutz Lindemann, Andreas Bielau, Jürgen Raab og Eberhard Vogel. Etter 75 og 87 minuttars spel måtte fyrst Bielau og så Hoppe vike plass for høvesvis Thomas Töpfer og Ulrich Oevermann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]