Cupvinnarcupfinalen i fotball 1982

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1982 fann stad på Camp Nou i Barcelona 12. mai 1982, framfor 100 066 tilskodarar. FC Barcelona vann finalen, den 22. i sitt slag, med siffera 2-1 over Standard Liège.

Lagoppstillingane

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Guy Vandersmissen sende Standard i føringa i det 8. minutt, straks før pausesignalet lydde utlikna Allan Simonsen til 1-1. 18 minuttar ut i den andre omgangen tok Barcelona leiinga 2-1 ved midtspiss Enrique Castro på eit frispark. Frisparket vart teke før dommaren hadde blåse i fløyta, noko som vekte vedvarande harme i Standard-mannskapet. Eit par minuttar før slutt vart Standard-spelaren Walter Meeuws utvist.

Vestyskaren Walter Eschweiler dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

FC Barcelona sitt vinnarlag bestod av: Javier Urruticoechea, Gerardo Miranda, Migueli Bianquetti, José Ramón Alexanko, Manolo Martínez, Tente Sánchez (kaptein), Josep Moratalla, Esteban Vigo, Allan Simonsen, Enrique Castro og Francisco Carrasco.

Standard Liège mønstra fylgjande mannskap: Michel Preud'homme, Eric Gerets, Gerard Plessers, Theo Poel, Walter Meeuws, Guy Vandersmisen, Arie Haan, Jos Daeden, Simon Tahamata, Benny Wendt og René Botteron.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]