Cupvinnarcupfinalen i fotball 1985

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1985 fann stad på Stadion Feijenoord i Rotterdam 15. mai 1985, framfor 38 500 tilskodarar. Everton FC frå Liverpool vann finalen, den 25. i sitt slag, med siffera 3-1 over Rapid Wien.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Etter ein mållaus fyrsteomgang sende Andy Gray Everton i teten, eit kvarter seinare la Trevor Steven på til 2-0. Midtspissen til Rapid, Hans Krankl, reduserte til 1-2, før Kevin Sheedy omgåande la på til Everton-siger 3-1.

Paolo Casarin frå Italia dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Everton sitt vinnarlag var: Neville Southall, Gary M. Stevens, Kevin Ratcliffe (kaptein), Derek Mountfield, Pat Van Den Hauwe, Trevor Steven, Peter Reid, Paul Bracewell, Kevin Sheedy, Graeme Sharp og Andy Gray.

Rapid Wien mønstra: Michael Konsel, Leo Lainer, Kurt Garger, Karl Brauneder, Herbet Weber, Reinhard Kienast, Zlatko Kranjčar, Peter Hrstic, Rudi Weinhofer, Hans Krankl og Peter Pacult. I det 60. og 67. minutt kom Johann Gröss og Antonín Panenka inn på bana, ut gjekk fyrst Pacult og sidan Weinhofer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]