Cupvinnarcupfinalen i fotball 1986

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1986 fann stad på Stade de Gerland i Lyon 2. mai 1986, framfor 39 300 tilskodarar. Dynamo Kiev frå dåverande Sovjetunionen vann finalen, den 26. i sitt slag, med siffera 3-0 over Atlético Madrid.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Oleksandr Zavarov gav Dynamo Kiev leiinga i det 5. minutt. Der etter gjekk det 80 minuttars speletid før Oleh Blokhin la på til 2-0 og allereie tre minuttar seinare stod det 3-0 etter at innbyttaren Vadim Jevtusjenko hadde vore frampå.

Franz Wöhrer frå Austerrike dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Dynamo Kiev sitt vinnarlag: Viktor Tsjanov, Volodimir Bessonov, Serhij Baltasja, Oleh Kuznetsov, Anatolij Demjanenko (kaptein), Vasilij Rats, Ivan Jeremtsjuk, Pavlo Jakovenko, Oleksandr Zavarov, Igor Belanov og Oleh Blokhin. Baltasja og Zavarov vart bytta ut i høvesvis det 38. og 70. minutt, inn kom fyrst Andrij Bal og så Vadim Jevtusjenko.

Atlético Madrid mønstra: Ubaldo Fillol, Tomás Reñones, Juan Carlos Arteche, Miguel Ángel Ruiz, Clemente Villaverde, Julio Prieto, Quique Ramos, Jesús Landáburu, Roberto Marina, Mario Cabrera og Jorge da Silva. Etter 60 minuttars spel tok Quique Setién plassen til Landáburu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]