Cupvinnarcupfinalen i fotball 1987

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ajax-spelarar feirar sigeren, frå venstre; Scholten, Silooy, Boeve, Witschge, Basten og Winter

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1987 fann stad på Olympiakó-stadion i Athen 13. mai 1987, framfor 35 107 tilskodarar. Ajax frå Amsterdam vann finalen, den 27. i sitt slag, med 1-0 over Lokomotive Leipzig.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Marco van Basten vart matchvinnar med si skåring i det 20. minutt.

Luigi Agnolin frå Italia dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Ajax sitt vinnarlag var: Stanley Menzo, Sonny Silooy, Frank Verlaat, Jan Wouters, Peter Boeve, Arnold Mühren (kaptein), Frank Rijkaard, Aron Winter, John van 't Schip, Marco van Basten og Rob Witschge. Dennis Bergkamp tok over for Witschge i det 66. minutt og Arnold Scholten for Mühren i det 83. minutt.

Lokomotive Leipzig stilte med: René Müller (kaptein), Ronald Kreer, Matthias Lindner, Frank Baum, Uwe Zötsche, Heiko Scholz, Uwe Bredow, Frank Edmond, Matthias Liebers, Hans Richter og Olaf Marschall. I den andre omgangen vart Edmond og Liebers bytta ut etter 54 og 75 minuttars spel, inn kom fyrst Hans-Jörg Leitzke og sidan Dieter Kühn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]