Cupvinnarcupfinalen i fotball 1988

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1988 fann stad på Meinau-stadion i Strasbourg 11. mai 1988, framfor 39 446 tilskodarar. KV Mechelen frå Belgia vann finalen, den 28. i sitt slag, med 1-0 over titteforsvarar Ajax frå Amsterdam.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Ajax-backen Danny Blind vart utvist allereie etter eit kvarters spel. Kampens einaste nettkjenning kom då nederlendaren Piet den Boer i det 53. minutt avgjorde kampen i det belgiske laget sin favør.

Dieter Pauly frå Vest-Tyskland dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

KV Mechelen sitt vinnarlag bestod av: Michel Preud’homme, Koen Sanders, Lei Clijsters (kaptein), Graeme Rutjes, Geert Deferm, Wim Hofkens, Marc Emmers, Erwin Koeman, Pascal De Wilde, Piet den Boer og Eli Ohana. I den andre omgangen vart Paul De Mesmaker bytta inn i det 60. og Paul Theunis i det 73. minutt, ut gjekk fyrst De Wilde og så Hofkens.

Ajax stilte med: Stanley Menzo, Danny Blind, Frank Verlaat, Jan Wouters, Peter Larsson, Arnold Mühren, Aron Winter, Arnold Scholten, John van 't Schip (kaptein), John Bosman og Rob Witschge. Kapteinen vart skadd og gjekk ut i det 37. minutt, inn kom Dennis Bergkamp. I det 73. minutt tok Henny Meijer over for Verlaat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]