Cupvinnarcupfinalen i fotball 1989

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1989 fann stad på Wankdorf stadion i Bern 10. mai 1989, framfor 42 707 tilskodarar. FC Barcelona vann finalen, den 29. i sitt slag, med siffera 2-0 over Sampdoria frå Genova.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Julio Salinas gav Barcelona leiinga allereie i det 4. minutt. Sidan vart det ikkje mål før innbyttaren Luis López Rekarte la på til 2-0 i det 80. minutt.

Englendaren George Courtney dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

FC Barcelona sitt vinnarlag bestod av: Andoni Zubizarreta, Urbano Ortega, José Ramón Alexanko (kaptein), Aloísio Pires Alves, Luis Milla, Eusebio Sacristán, Guillermo Amor, Roberto Fernández, Gary Lineker, Julio Salinas og Txiki Begiristain. I det 60. minutt gjekk Milla ut, inn kom Miquel Soler. 14 minuttar seinare vart så Begiristain bytta ut med Luis López Rekarte.

Sampdoria stilte med: Gianluca Pagliuca, Moreno Mannini, Marco Lanna, Luca Pellegrini (kaptein), Giuseppe Dossena, Toninho Cerezo, Fausto Pari, Fausto Salsano, Víctor Muñoz, Gianluca Vialli og Roberto Mancini. Ei skadd Mannini gjekk av bana i det 27. minutt, inn kom Stefano Pellegrini. I det 49. minutt kom Fulvio Bonomi inn i staden for Luca Pellegrini.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]