Cupvinnarcupfinalen i fotball 1991

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1991 fann stad på Stadion Feijenoord i Rotterdam 15. mai 1991, framfor 45 000 tilskodarar. Manchester United vann finalen, den 31. i sitt slag, med siffera 2-1 over FC Barcelona.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Manchester United tok leiinga i det 67. minutt etter eit frispark frå Bryan Robson som Steve Bruce heada mot mållinja og midtspiss Mark Hughes tuppa inn i nettet. Same Hughes la på til 2-0 frå skrått hald sju minuttar seinare, før Ronald Koeman reduserte for Barcelona i det 79. minutt. Ei sein nettkjening frå Barcelona vart underkjent for offside. Høgrebacken Nando Munoz på Barcelona vart utvist i det 84. minutt.

Bo Karlsson frå Sverige dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Manchester United sitt vinnarlag bestod av: Les Sealey, Denis Irwin, Steve Bruce, Gary Pallister, Clayton Blackmore, Mike Phelan, Bryan Robson, Paul Ince, Lee Sharpe, Brian McClair og Mark Hughes.

FC Barcelona mønstra: Carles Busquets, Nando Muñoz, José Ramón Alexanko (kaptein), Ronald Koeman, Albert Ferrer, Ion Andoni Goikoetxea, Eusebio Sacristán, José Mari Bakero, Txiki Begiristain, Julio Salinas og Michael Laudrup. Antonio Pinilla kom inn i staden for kapteinen Alexanko i det 72. minutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]