Cupvinnarcupfinalen i fotball 1993

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1965 fann stad på Wembley stadion i London 19. mai 1965, framfor 37 393 tilskodarar. Italienske Parma FC vann finalen, den 33. i sitt slag, med siffera 3-1 over Royal Antwerp frå Antwerpen.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Parma-kapteinen Lorenzo Minotti sende laget i føringa i det 9. minutt etter hjørnespark. Allereie to minuttar seinare var laga likt att då Francis Severeyns skaut i mål etter å ha vorte spelt fri. Alessandro Melli heada Parma i føringa att etter ein halvtimes spel. Eit siste mål kom ved Stefano Cuoghi som i det 84. minuytt fastsette resultatet til 3-1.

Karl-Josef Assenmacher frå Tyskland dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Parma FC sitt vinnarlag var: Marco Ballotta, Antonio Benarrivo, Georges Grün, Lorenzo Minotti (kaptein), Luigi Apolloni, Alberto Di Chiara, Marco Osio, Daniele Zoratto, Stefano Cuoghi, Alessandro Melli og Tomas Brolin. Zoratto måtte gå av bana i det 26. minutt, inn kom Gabriele Pin. I det 75. minutt tok Fauzto Pizzi over for Osio.

Royal Anterp mønstra fylgjande mannskap: Stevan Stojanović, Wim Kiekens, Nico Broeckaert, Rudi Taeymans, Rudi Smidts (kaptein), Dragan Jakovljević, Ronny Van Rethy, Hans-Peter Lehnhoff, Didier Segers, Francis Severeyns, Alexandre Czerniatynski. Patrick Van Veirdeghem og Noureddine Moukrim kom innpå etter 50 og 81 minuttars spel, ut gjekk høvesvis Jakovljević og Segers.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]