Cupvinnarcupfinalen i fotball 1995

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1995 fann stad på Parc des Princes i Paris 10. mai 1995, framfor 42 424 tilskodarar. Real Zaragoza vann finalen, den 35. i sitt slag, med sluttsiffera 2-1 mot tittelforsvarar Arsenal FC frå London. Finalekampen gjekk til ekstraomgangar og vart avgjort med ei fabelaktig skåring frå langt hald i kampens siste sekundar.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Kampen var mållaus til det 68. minutt då Juan Esnáider sende Real Zaragoza i føringa. Ni minuttar seinare utlikna John Hartson og syrgde for laga stod likt då ordinær tid var ute. I ekstraomgangane kom ikkje mål før Nayim Amar i det 120. minutt frå 40 meters hald lobba over Arsenal-målvakta og vart matchvinnar.

Piero Ceccarini frå Italia dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Real Zaragoza sitt vinnarlag bestod av: Andoni Cedrún, Alberto Belsué, Fernando Cáceres, Xavi Aguado, Jesús Solana, Miguel Pardeza, Santiago Aragón, Nayim Amar, Gustavo Poyet, Francisco Higuera og Juan Esnáider. Higuera gjekk av bana i det 68. minutt, inn kom Jesús García Sanjuán som på si side måtte vike for Geli de Juana i det 114. minutt.

Arsenal-mannskapet var: David Seaman, Lee Dixon, Tony Adams (kaptein), Andy Lininghan, Nigel Winterburn, Ray Parlour, Martin Keown, Stefan Schwarz, Paul Merson, Ian Wright og John Hartson. I pausen vart Keown bytta ut med David Hillier og straks etter pause vart Winterburn skadd og erstatta med Steve Morrow.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]