Cupvinnarcupfinalen i fotball 1996

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1996 fann stad i Kong Baudouin-stadion i Brussel 8. mai 1996, framfor 37 500 tilskodarar. Paris Saint-Germain vann finalen, den 36. i sitt slag, med sluttsiffera 1-0 over Rapid Wien.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Midtstopparen Bruno N'Gotty på PSG skåra kampens på eit frispark 28 minuttar ut i fyrste omgang.

Pierluigi Pairetto frå Italia dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Paris Saint-Germain sitt vinnarlag var: Bernard Lama (kaptein), Patrick Colleter, Bruno N'Gotty, Paul Le Guen, Alain Roche, Laurent Fournier, Daniel Bravo, Raí Oliveira, Vincent Guérin, Youri Djorkaeff og Patrice Loko. Raí Oliveira vart skadd tidleg i kampen og bytta ut i det 12. minutt med Julio Dely Valdés. I det 77. minutt kom Francis Llacer inn på bana i staden for Fournier.

Rapid Wien mønstra: Michael Konsel (kaptein), Michael Hatz, Trifon Ivanov, Peter Schöttel, Peter Guggi, Dietmar Kühbauer, Andreas Heraf, Stephan Marasek, Peter Stöger, Christian Stumpf og Carsten Jancker. Stumpf måtte vike plass i pausa for Zoran Barisic.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]