Cupvinnarcupfinalen i fotball 1999

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1999 fann stad i Villa Park i Birmingham 19. mai 1999, framfor 33 021 tilskodarar. SS Lazio frå Roma vann den historiske finalen, den 39. og siste i sitt slag, med sluttsiffera 2-1 over Real Mallorca.

Finalen markerte slutten på turneringa Cupvinnarcupen, ei turnering der 32 ulike klubblag frå 12 fotballforund hadde gått til topps.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Christian Vieri sende Lazio i tet i det 7. minutt, men allereie fire minuttar seinare utlikna Dani García til 1-1. Dei neste 70 minuttane stod det likt på måltavla, til dess Pavel Nedvěd skåra det aller siste målet cupvinnarcupsoga og vart matchvinnar for Lazio.

Günter Benkö frå Austerrike dømde finalekampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Lazio sitt vinnarlag bestod av: Luca Marchegiani, Giuseppe Pancaro, Alessandro Nesta (kaptein), Siniša Mihajlović, Giuseppe Favalli, Dejan Stanković, Matías Almeyda, Roberto Mancini, Pavel Nedvěd, Christian Vieri og Marcelo Salas. I løpet av den andre omgangen kom Sérgio Conceição inn for Stanković i det 56. minutt og Attlio Lombardo for Nedvěd i det 84. minutt. Og Fernando Couto rakk å verte bytta inn før sluttsignalet lydde, ut steig Mancini.

Real Mallroca stilte: Carlo Roa, Javier Olaizola, Marcelina Elena, Gustavo Siviero, Miquel Soler, Lauren Etamé-Mayer, Vicente Engonga, Ariel Ibagaza, Jovan Stanković, Dani García og Leonardo Biagini. Biagini måtte vike for Veljko Paunović i det 73. minutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]