Curt Cress

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Curt Cress

Fødd11. august 1952 (71 år)
FødestadBrachttal i Tyskland
FødenamnCurtis Cress
OpphavTyskland
Aktiv1965 til i dag
Instrumenttrommesett
Verka somTrommeslagar, låtskrivar, professor

Curtis «Curt» Cress (fødd 11. august 1952) er ein tysk trommeslagar og låtskrivar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Curt Cress byrja karrieren i 1965 i Hanau med bandet Load. Seinare spelte han i Hanau med banda Six og Orange Peel. Han har arbeidd med fleire band inkludert Klaus Doldinger sitt Passport, Atlantis, Spliff, Milli Vanilli og Snowball, Curt Cress Clan, og som gjestemusikar på fleire studioinnspelingar med tyske og internasjonale artistar, som Falco, Peter Maffay, Rick Springfield, SAGA og Tina Turner.

Cress var òg produsent, mellom anna for Uwe Ochsenknecht, Claudia Cane, Heiner Pudelko, Nena, Nina Hagen og Royal Philharmonic Orchestra. Han har òg arbeidd i studio med med Boney M., Hubert Kah, Michael Cretu, Scorpions, Alfaville, BAP, Inga og Annette Humpe, Peter Cornelius, Marianne Rosenberg, Stefan Waggershausen, Udo Lindenberg, Meat Loaf og Freddie Mercury (Mr. Bad Guy).

Cress har òg skrive mykje musikk for film og fjernsy, mellom anna seriane SK Kölsch, The Red Mile, HeliCops - Einsatz über Berlin, Tatort og kjenningsmelodiar for sportsprogram og Wetten, dass ..?.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloarbeid[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Curt Cress Clan (LP)
  • 1983: Avanti (LP: WEA 24.0133; CD: WEA 240 133-2)
  • 1987: Sing (LP)
  • 1992: Bäng (CD)
  • 1998: Trip (CD: WEA [Warner] 3984-21825-2)

Med andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]