Curt Siodmak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Curt Siodmak
Fødd 10. august 1902
Dresden
Død

2. september 2000
Three Rivers i California

Yrke manusforfattar, filmregissør, romanforfattar, skribent, science fiction-forfattar

Curt Siodmak (fødd Kurt Siodmak10. august 19022. september 2000)[1] var ein tysk-jødisk forfattar av skjønnlitteratur og filmmanus som verka i Tyskland, England, Frankrike og USA. Han gav ut seks romanar på tysk og hadde ein stor produksjon på engelsk. Karriera hans som skjønnlitterær forfattar varte i 76 år, og filmkarriera endte med kreditering eller medkreditering for til saman 35 filmmanus.[2]

Siodmak grunnla saman med den eldre broren Robert Siodmak og forleggjaren Franz Wolfgang Koebner i 1924 magasinet Das Magazin kor han hadde eigne tekstar på trykk,[1] men publiserte også i andre magasin; i aprilnummeret av Scherl's Magazin kom «Die Eier vom Tanganjika See» som i juli same år kom i engelsk omsetjing som «The Eggs from Lake Tanganyika» i Amazing Stories.[3]

Siodmak brukte inntektene frå den første, tyskspråklege romanføljetongen sin i magasinet Woche til å finansiere stumfilmen Menschen am Sonntag,[4] ei dokumentar-liknande krønike om liva til fire menneske i Berlin før Hitler kom til makta. Siodmak skreiv manus til filmen saman med broren og Billy Wilder. Broren og Edgar G. Ulmer sto for regi. Eugen Schüfftan og Fred Zinnemann var fotografar på filmen. Begge brørne Siodmak, Zinnemann, Wilder og Ulmer fekk seinere karrierer i Hollywood - som manusforfattar for Curt Siodmaks sitt vedkommande.[5]

Curt Siodmak, som var av jødisk opphav, emigrerte etter å ha høyrd ei antisemittisk tirade frå Joseph Goebbels i 1933. Han tente sitt livsopphald som manusforfattar i Storbritannia og Frankrike.[6] Han flytta i 1937 til USA og blei naturalisert amerikanar i 1943.[2]

Siodmak tok doktorgrad i matematikk før forfattarkarriera.[6]

Norske omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

  • F.P.1 antwortet nicht (1931), omsett av Gunnar Eckardt: F.P.1 svarer ikke (Damm, Oslo 1933)
  • Donovan's Brain (1942), omsett av Brede Svenneby: Den frigjorte hjerne (Nasjonalforlaget, Oslo 1953)
  • Donovan's Brain (1942), omsett av Helge Skolem: Ondskapens makt (Fredhøis Forlag 1983) ISBN 8204012160
  • Riders to the stars (1954), omsett av Einar Th. Schøning: Rakettflyverne (Romanforlaget, Oslo 1958)

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Biografi om Curt Siodmak på nettstaden Deutsche Biographie (tysk)
  2. 2,0 2,1 The Encyclopedia of Science Fiction om Curt Siodmak
  3. The Encyclopedia of Science Fiction om Curt Siodmak
  4. «Curt Siodmak: The Idea Man» av Dennis Fischer i Pat McGilligan (red.): Backstory 2. Interviews with Screenwriters of the 1940s and 1950s (University of California Press 1997) på nettstaden UC Press E-Books Collection, 1982-2004
  5. «People on Sunday: Young People Like Us» av Noah Isenberg på nettstaden The Criterion Collection
  6. 6,0 6,1 Biografi om Curt Siodmak av Gerd Gemünden, professor ved Dartmouth College på nettstaden Cinema's Exiles from Hitler to Hollywood